Eigarposisjonen i Fjord1 til fylkesutvalet og fylkestinget

Saka “Eigarposisjonen i Fjord1 Nordvestlandske AS” skal handsamast i møte i fylkesutvalet 19. august og i fylkestinget 25. august.

Det vert møte i fylkesutvalet 19. august for å handsame saka “Eigarposisjonen i Fjord1 Nordvestlandske AS”. Møtet vert kl. 10.00. på Fylkeshuset i Leikanger. Fylkestinget vert sett 25. august for å handsame same sak. Møtet vert kl. 13.00. i Firdasalen på Fylkeshuset.

Fylkesrådmannen si tilråding og saksframstilling i saka “Eigarposisjonen i Fjord1 Nordvestlandske AS.” vert sendt til fylkesutvalet og fylkestinget 12. august. Saka med alle vedlegg, med unntak av vedlegg 5, er ikkje offentleg fram til 24. august kl. 11.00. Dette skuldast at det er selskapsgjennomgang, såkalla due diligence, fram til dette tidspunktet, og at forhandlingsposisjonen til fylkeskommunen såleis kan verte skada ved offentleggjering. Heimelen for å ikkje offentleggjere opplysningane er offentleglova § 23 fyrste ledd.

Vedlegg 5 i saka “Eigarposisjonen i Fjord1 Nordvestlandske AS.”.

Den 24. august vil det verta vurdert om tilrådinga og saksframstillinga vil verta offentleggjort. Dette vil bli gjort med bakgrunn i korleis saka då står. Vedlegg 1-4 vert i alle høve ikkje offentlege.

For meir informasjon kontakt

Jan Øhlckers
fylkesrådmann
Tlf.: 57 65 61 00, mobil: 415 30 963

Del dette:

Relaterte lenker