Eigarmeldinga for 2011 er klar

Sogn og Fjordane fylkeskommune er medeigar i 25 ulike selskap og legg i haust fram si fjerde eigarmelding. Denne tek føre seg eigarpolitikk, omtale av kvart av selskapa og ei vurderinga av eigarskapen.

Eigarmeldinga til fylkeskommunen vert rullert kvart år. Målet med ei slik årleg eigarmelding er å ha ei stadig vurderinga av eigarskapen til fylkeskommunen.

Variert eigarprosent

To av dei 25 selskapa fylkeskommunen er medeigar i, er heileigde av fylkeskommunen. Dette er Sogn og Fjordane Holding AS og F1 Holding AS. Dei andre aksjeselskapa er eigde i lag med anten kommunar eller private, eller i ein kombinasjon av dei to. Eigarprosenten varierer frå 80 til 0,31 prosent.

I den første delen av eigarmeldinga kjem det fram vurderingar av blant anna prinsipielle utfordringar, samfunnsansvar og etikk, og regelverk knytt til habilitet for folkevalde i ulike roller. I den andre delen vert kvart enkelt selskap omtalt, og eigarskapen vert vurdert. Omtalen byggjer på årsrekneskap og årsmeldingar frå selskapa for 2010.

Lagt fram for fylkestinget i oktober

Det er også lagd ei oversikt over stiftingar der fylkeskommunen er stiftar eller medstiftar, og bomvegselskap der fylkeskommunen har stilt garanti.

Eigarmeldinga vart lagt fram for fylkestinget i møtet 18. oktober. Fylkestinget slutta seg til omtalen og vurderingane av dei einskilde selskapa og stiftingane.

Fylkeskommunen har ved utgangen av oktober 2011 eigarskap i 21 aksjeselskap/selskap med
avgrensa ansvar, 2 interkommunale selskap, 1 gjensidig selskap og 1 særlovselskap.

Aksjeselskapa/selskap med avgrensa ansvar er:

  • Sogn og Fjordane Energi AS
  • Fjord 1 Nordvestlandske AS
  • Fjord Invest Såkorn AS
  • Opplæringsfartøy AS
  • Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS
  • Gulen og Masfjorden Utvikling AS
  • Njøs Næringsutvikling AS
  • Sogn og Fjordane Holding AS
  • Botnaneset Industriselskap AS
  • Luna Industri AS
  • Lutelandet Utvikling AS
  • Sogn og Fjordane Teater L/L
  • Norsk Fjordhestsenter AS
  • Framtidsfylket AS
  • Firda Billag AS
  • Kommunekraft AS
  • Sandane Industri AS
  • Firda Produkt AS
  • Origod AS
  • Sogneprodukter AS
  • F1 Holding AS

Dei andre selskapa er:

  • Trivselshagen IKS
  • Sogn og Fjordane Revisjon IKS
  • Kommunal Landspensjonskasse
  • Innovasjon Norge

Eigarmelding 2011 – Fylkeskommunal eigarskap i selskap

Del dette:

Relaterte lenker