menneske som samarbeider

Effektiv kunnskapsdeling

Fylkeskommunen søkjer på eit prosjekt som ser på samspel mellom nyskapande bedrifter, forskingsmiljø og det offentlege verkemiddelapparatet.

Korleis kan vi få til betre samspel mellom nyskapande bedrifter, forskingsmiljø og det offentlege verkemiddelapparatet? Dette spørsmålet vert det arbeidd mykje med både i Sogn og Fjordane og i europeiske regionar.  Endringstakten i bedriftene er stor og samarbeidet om å dele kunnskap må fungere effektivt. Sogn og Fjordane treng spesielt å legge til rette for nyskaping som gir attraktive arbeidsplassar for unge velutdanna og kreative innbyggarar slik at dei vel fylket som bu- og arbeidsplass. 

Dette er ein hovudbodskap i fylket sin verdiskapingsplan. Denne erkjenninga er også bakgrunnen for at fylkeskommunen 13. mai sende inn søknad om vel ein million Euro til det europeiske programmet Interreg Europe.  Med på laget har Sogn og Fjordane fylkeskommune fem regionar frå nord i Kroatia, sentralt i Slovenia, Valle Camonica (del av Lombardia) i Nord Italia, Burgos i Nord Spania og Mellomste Østerbotten i Finland.  Alle regionane representerer distriktssamfunn i Europa med innbyggartal frå 90.000 til 370.000 innbyggarar

«Hovudmålet er å lære for å forbetre eigen praksis» seier fylkesdirektør Jan Heggheim. «Vi treng fleire velfungerande nettverk med kommersiell nyskaping som føremål.  Nettverksamarbeid må vere effektive møteplassar som klart demonstrerer meirverdi for deltakarbedriftene målt på botnlina.» 

Verkemiddelapparatet må kunne legge til rette for nyskaping gjennom samarbeid med bedrifter og forskingsmiljø. I tillegg til forskingsrådet, Innovasjon Norge og Siva, er næringshagane, inkubatorane, Sfiinx AS og Maritim foreining trekte med.  Høgskulen og Vestlandsforsking deltek frå forskingssida og prosjektet er mellom anna bygd på innovasjonsforsking ved dei to institusjonane og det grunnlaget som er lagt i fylket sitt «VRI-prosjekt». I prosjektsøknaden er det også lagt vekt på at utkantsamfunn må dra vekslar på IKT som føresetnad for heilt anna «langdistanse samarbeid» enn tidlegare.

Arbeidet med å få til samarbeidet mellom dei nemnde regionane og å utvikle søknaden, har vore leia av Lars Hustveit ved Nærings- og kulturavdelinga. «Dersom vi oppnår finansiering, blir vi automatisk inviterte inn i eit lærande europeisk miljø knytt til emnet nyskaping og organisert av Interregprogrammet.  Det er kanskje like nyttig som pengane», seier Hustveit. 

Nærare informasjon kan du få her eller kontakt fagkoordinator Lars Hustveit – mobil 0047 415 30 972

Prosjekttittel er:

"Policies to improve rural areas' innovation systems by professionalising networking activities and use of innovation tools"

Del dette:

Relaterte lenker