Passasjerbåt frå Fjord1 i fart.
Passasjerbåt frå Fjord1 i fart.

Foto: Fjord1

Drøfta Fjord1

Fylkesutvalet har gjort vedtak om prosessen vidare i Fjord1-saka.

Fylkesutvalet drøfta  i møte 27. november 2015 situasjonen i Fjord1 AS og gjorde slikt vedtak:

  1. Fylkesutvalet tek til etterretning og beklagar at eigaroppnemnde styrerepresentantar og administrerande direktør i Fjord1 AS går av.

  2. Fylkesutvalet vil no fokusere på å medverke til å få på plass nytt styre og ny leiing i selskapet. Fylkesutvalet vil handsame ei sak om dette 7.desember. Fylkesrådmannen vil legge fram sak til dette møtet. Fylkeskommunen/F1 Holding AS vil ta initiativ til ekstraordinær generalforsamling i Fjord1 same dag.

  3. Fylkesutvalet har fått ei orientering av fylkesrådmannen om prosessen forut for fylkestinget sitt vedtak 23.november 2015. Fylkesutvalet tek orienteringa til etterretning. Den fylkeskommunale prosessen bygde på følgjande:

  • Den FU-godkjende prosessen skulle følgjast.

  • Alle bodgjevarane skulle handsamast likt.

  • Gjevne bodfristar skulle haldast.

  • Formelle bodbrev skulle føreligge.

         Det hadde likevel tent det politiske arbeidet dersom fylkesutvalet hadde fått noko nærare informasjon om pågåande prosessar under den politiske slutthandsaminga.

  1. Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen gå gjennom alle presentasjonar og dokument i saka om Fjord1-salet som vart lagt fram unntatt offentlegheit eller stempla fortruleg i fylkesutvalet og fylkestinget, for snarast mogleg å opne så mykje som mulig av innhaldet i dokumenta og presentasjonane for offentleg innsyn. Dette ut frå at offentleglova gir høve til å unnta særleg sensitive opplysingar frå offentleg innsyn, men ikkje heile dokument og presentasjonar.

Kontaktperson:

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut