Kart med Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane markert
Kart med Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane markert

Dialogen er i gang

Forhandlingsutvala i Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland møttest 27. mai for innleiande samtalar om å skipe ein ny vestlandsregion.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane etablerte tidlegare i vår eit forhandlingsutval som ser på grunnlaget for ein felles intensjonsplan om ny vestlandsregion. Fredag 27. mai møtte utvalet forhandlingsutvala frå Rogaland og Hordaland og diskuterte hovudpunkt i intensjonsplanen, samt forhandlingsframdrift vidare.

Den førebelse temainndelinga for intensjonsplanen:

  1. Innleiing
  2. Mål for samanslåing av fylka (hovudmål/delmål)
  3. Regionen sitt namn og merke
  4. Tal representantar i regiontinget
  5. Valkrinsar
  6. Politisk styringsform
  7. Regiontinget sine samlingar og regionutvalet sine møte
  8. Regionen sitt administrasjonssenter og politisk leiing
  9. Organisering av dagens og framtidige oppgåver og ansvarsområde
  10. Tilsette
  11. Bruk av disponibel formue frå fylkeskommunane
  12. Fellesnemnd for overgangsperiode
  13. Val av det nye regiontinget

Møre og Romsdal har etter kvart opna for ein dialog med nabofylka om regionreforma, og i fylkesutvalet 24. mai etablerte dei og eit forhandlingsutval. Utvalet skal avklare premissar og føresetnader for nabosamtalar med Sogn og Fjordane, Sør- og Nord-Trøndelag og Oppland.

Prosessen det så langt er lagt opp til:

  • Intensjonsplan og utgreiingsarbeid i perioden april til september
  • Politisk leiing engasjerert i handsaminga av melding til Stortinget 22 (2015-16)
  • Forhandlingsutvalsmøte 27. mai: Mål og framdrift for intensjonsplanforhandlingane
  • Fylkestinga 14.juni: Løypemelding med struktur for intensjonsplanen
  • Temainndelte forhandlingar: Veke 33, 35 og 37
  • Fellesmøte politiske styringsgrupper 23. august
  • Fylkesutvala 21. – 28. september handsamar intensjonsplan for samanslåing før den går vidare til fylkestinga
  • Fylkestinga i desember handsamar konkretiserande sak om samanslåing

Presentasjon frå fellesmøte mellom forhandlingsutvala ved fylkesrådmann Tore Eriksen (PowerPoint)

Meir om regionreforma:

Krav om fleire oppgåver

La plan for regionreform

Styrer regionreform vidare

Saman på Stortinget

 

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
Tore.Eriksen@sfj.no
415 30 932

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut