Illustrasjonsfoto med veg og fjell
Illustrasjonsfoto med veg og fjell

Foto: Lukas Kloeppel/Pexels

Den viktigaste leiarstillinga på Vestlandet er ledig

Hordaland og Sogn og Fjordane søkjer prosjektleiar, som skal bli fylkesrådmann i det samanslegne storfylket.

Det nye storfylket skal ha ein trygg, tydeleg og samlande pådrivar som skal leggje til rette for at regionen vår får ei tydelegare rolle i samfunnsutviklinga regionalt og nasjonalt. Den som får jobben skal byggje ein ny organisasjon med felles kultur som leverer gode tenester innanfor stramme økonomiske rammer.

Fellesnemnda for samanslåing av dei to fylka skal gjere endeleg tilsetting. Målet er at det skal skje i møtet fredag 4. mai. 

​Søknadsfrist er torsdag 12. april.

Sjå fullstendig utlysing hjå Visindi: http://visindi.no/stilling/prosjektleiar-fylkesradmann/

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut