Skjermdump_skular i Solund
Skjermdump_skular i Solund

Den tidlege skulehistoria i Solund

Startskotet for folkeskulen gjekk ved innføringa av konfirmasjonen i 1736. Ingen kunne konfirmerast utan å ha fått undervisning i kristendom. Men det gjekk lang tid før kommunane kunne tilby god og stabil utdanning til alle born. I Solund fekk dei sitt første skulehus på Indrevær i 1844. 

Solund var den første tida delt i to skuledistrikt - eitt ytre og eitt indre. Grensa gjekk gjennom Dalesundet. Dei to distrikta vart delte i roder, og i 1864 vart desse erstatta av 12 skulekrinsar. Før det kom fastskule for læraren og elevane frå hus til hus, frå gard til gard. Det var meininga at alle skulle bidra, og det vart halde skule i stover rundt om i kommunen. Talet på ungar kunne av fleire grunnar variere frå dag til dag, men i 1833 var det 204 skulepliktige born i Solund. 

Les meir om den tidlege skulehistoria til Solund i artikkelen "Omgangsskulen i Solund, ein runddans frå dør til dør" av Hans H. Steinsund (2001), publisert i Kulturhistorisk leksikon

Les meir om katleggings- og formidlingsprosjektet "Skulen min" på sfj.no/skulen-min eller på lokalhistoriewiki.no.

Kjelder:

  • Steinsund, Hans H.: Artikkel Omgangsskulen i Solund. Laga til sogeskriftet som Solund sogelag gjev ut 2001.
  • Allkunne: "Skular i Solund"

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00