Den fylkeskommunale aktiviteten fordelt på kommunane

Oversikta viser blant anna kor mykje fylkeskommunen nytta til eiga drift (administrasjon, skular og tannhelsetenesta), til tenestekjøp (blant anna innan samferdsle) og til direkte tilskot i kommunane.

Enkelte av tilskotsordingane som fylkeskommunen administrerer for staten, til dømes spelemidlane, er også med i oversikta.

– Vi ønskjer med dette å vise fram i kor stor grad fylkeskommunen er økonomisk inne i kvar enkelt kommune i fylket. Dette er interessant, og oversikta viser at fylkeskommunen har jamt stor aktivitet i heile fylket vårt, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Jamn fordeling over heile fylket

Den kommunefordelte rekneskapen syner både kor mykje fylkeskommunen nytta per innbyggjar i ein kommune, og kor mykje fylkeskommunen nytta totalt i kvar enkelt kommune.

Oversikta per innbyggjar syner ei jamn fordeling over heile fylket. 15 av kommunane ligg mellom 10 000 og 20 000 kr per innbyggjar. Ytterkantane er Solund med 43 972 kr per innbyggjar og Naustdal med 6045 kr per innbyggjar.

Det er dei store, sentrale stadane som tek imot mest av midlane til fylkeskommunen. Kommunane Førde, Flora og Sogndal fekk i 2012 tenester og direkte ytingar på høvesvis om lag 249, 162 og 142 mill. kr. I den andre enden av oversikta ligg kommunane Selje, Naustdal og Hornindal med høvesvis 21, 16 og 11 mill. kr.

Investeringar 2003–2012

Det er også med ei oversikt over investeringar i perioden 2003–2012, og dette er igjen delt opp i investeringar på veg og investeringar på bygg.

Askvoll, Fjaler og Sogndal toppar lista over investeringar med høvesvis 623 mill. kr, 431 mill. kr og 389 mill. kr. Dei store investeringane i desse kommunane skuldast bygginga av Dalsfjordsambandet i Askvoll og Fjaler og utbygginga av Fosshaugane Campus i Sogndal.

Detaljert kommunevis oversikt frå 2012

Til sist i rapporten er det eigne tabellar for kvar kommune. Her kjem det fram kor mykje fylkeskommunen nytta på drift, tilskotsordningar og større investeringar i kvar enkelt kommune i 2012.

Det er også spesifisert kva drifta går ut på, kor mykje som gjeld drift med fylkeskommunal støtte, og kva tilskotsordningar og investeringar det er snakk om.

Les heile rapporten

Rekneskap 2012 – fordelt på kommunane (issuu)

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf.: 415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut