Foto frå Jølster skisenter. Biletet er teke frå oppi bakken, der vi ser traseen dekka med snø, men lite snø utanom anlegget. Vi ser ned mot Vassenden og Jølstravatnet.
Foto frå Jølster skisenter. Biletet er teke frå oppi bakken, der vi ser traseen dekka med snø, men lite snø utanom anlegget. Vi ser ned mot Vassenden og Jølstravatnet.

Fylkesdirektøren rår hovudutvalet til å løyve 156 000 kr til Jølster IL til utviding av snøproduksjonen ved Jølster skisenter. (Foto: Jølster skisenter)

Deler ut resten av årets spelemidlar

Hovudutval for næring og kultur fordeler 21. november 1,75 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg rundt om i fylket.

Pengane er restmidlar og inndregne midlar, og fylkesdirektøren for næring og kultur vel å leggje desse fram for politisk behandling no.

– Vi gjer dette no for at søkjarane skal sleppe å vente lenger på tildelinga. Kommunane og fylkeskommunen slepp no også å saksbehandle desse søknadane på nytt neste år. Det er effektivt, og søkjarane får ei avklaring, slik at dei planleggje utifrå det, seier rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede.

Til ferdig utbygde anlegg

Fylkesdirektøren prioriterer i denne omgang ferdig utbygde anlegg med reviderte rekneskap og råd hovudutvalet til å tildele spelemidlar til desse:

  • Hyllestad kommune, friidrett, utviding av løpebane, 300 000 kr
  • Luster Idrettslag, ballbinge, rehabilitering av dekke, 79 000 kr
  • Luster kommune, Lustrabadet, etablering av overvakingsanlegg, 131 000 kr
  • Stryn kommune, symjebasseng, rehabilitering, 227 000 kr
  • Farsund Vel, Førde, ballbinge, rehabilitering, 65 000 kr
  • Førde kommune, symjebasseng, rehabilitering, 204 000 kr
  • Førde kommune, idrettshall, rehabilitering, 264 000 kr
  • Førde kommune, sandvolleyballbane, Hafstad-parken, etablering, 79 000 kr
  • Fjærland IL, Sogndal, etablering av O-kart, 37 000 kr
  • Jølster IL, snøproduksjon, utviding, 156 000 kr
  • Jølster skyttarlag, klubbhus, etablering, 201 000 kr

Fekk 53,3 millionar i 2017

Sogn og Fjordane fekk i år 53,3 millionar i spelemidlar til bygging av idrettsanlegg. Dette vart fordelt av hovudutval for næring og kultur i slutten av mai.

Det var sett av vel 0,3 millionar til klagesaker. I tillegg har Hyllestad kommune måtte betale tilbake 0,475 millionar som dei fekk til rehabilitering av bassenget, når dette no vert rive for å bygge idrettshall i kommunen.

I tillegg er vel ein million kroner tilgjengeleg for anlegg som har blitt billegare enn budsjettert. Samla utgjer dette 1,75 millionar.

Saksliste for møtet i hovudutval for næring og kultur 21. november 2017.

For meir informasjon

Atle Skrede
Sogn og Fjordane fylkeskommune
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00