Deler ut inntil to millionar til enøk-tiltak

Både kommunar og organisasjonar i fylket kan no søkje Sogn og Fjordane fylkeskommune om støtte til enøk-tiltak. Målet er å bidra til meir effektiv energibruk i fylket, og søknadsfristen er 1. april 2015.

Ordninga med støtte til enøk-tiltak har eksistert sidan 2003, då det vart oppretta eit fylkeskommunalt enøk-fond med ein grunnkapital på ti millionar kroner. Det kan delast ut inntil to millionar kroner i 2015.

Enøk er ei forkorting for energiøkonomisering, og uttrykket vert brukt om tiltak som reduserer energibehovet.

Skal stimulere tiltak

Fondet har til føremål å stimulere tiltak som gir redusert eller meir effektiv energibruk og eventuelt tilleggseffekt for miljøet i form av betre luftkvalitet inne eller ute. Det kan ytast støtte til tiltak innan fylkeskommunalt og kommunalt verkeområde, samt til verksemder, lag og organisasjonar som driv haldningsskapande enøk-arbeid.

Enøk-analyser og -investeringar

Tiltak som kan få støtte er: Enøk-analyser, enøk-investeringar i bygningar og driftsanlegg, opplæring av nøkkelpersonell, samt haldningsskapande arbeid/informasjon retta mot innbyggjarane i fylket.

For søknader om støtte til investeringar i bygningar og driftsanlegg, vil det normalt verte kravd at enøk-analyse er gjennomført.

Det er fylkesutvalet som avgjer kven som får støtte.

Fullstendig utlysingsbrev, vedtekter for enøk-fondet og tilskotssatsar er tilgjengelege her.

Kontaktperson:

Idar Sagen
Seniorrådgjevar energi- og ressursforvaltning
E-post: idar.sagen@sfj.no
Tlf: 57 88 47 54/415 30 964

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00