Heim/Måløy vidaregåande skule
Arbeidet gjekk med liv og lyst.

Arbeidet gjekk med liv og lyst. Foto: Tor Erik Liset

Dei fyrste elevane møtte i dag på skulen etter at skulen har vore stengd sidan 13.mars

Totalt var det om lag 45 elevar som møtte i klasser, samt grupper der ein har måtte dele opp dagane med undervising på skulen.  

Mellom klassene som møtte på skulen i dag var 2FFA. Etter både munnleg, skriftleg og praktisk gjennomgang av rutinar for hygiene og smittevern, gjekk resten av dagen med til å rigge om Skulebas frå garn til line. Elevane sette stor pris på å møtast att. Ombord vert det fokusert på hygiene, og nye dispenserar for såpe og papir er montert. Håpet er at det skal være mogeleg å få kome seg på sjøen i næraste framtid.

Det vert meld at dei andre elevane og sette stor pris på å få kome seg på skulen og i funksjon att. «Kven skulle tru at EG skulle sakne skulen?» var ein av kommentarane som kom i praten med dei heldige få.