lmmz 4qh 3hx
lmmz 4qh 3hx

Dagsturhyttejakt

No kan du "samle" dagsturhytter og vinne ein flott premie. Bli med på dagsturhyttejakt! 

Kvar einaste tur til ei dagsturhytte betrar trivsel og helse. For å motivere flest mogeleg til å gå på tur, tilbyr Sparebanken Sogn og Fjordane ein premie til alle som samlar stempel frå minst fem dagsturhytter. Dei sprekaste og ivrigaste som rekk over alle 26 hyttene kan få ein ekstra fin premie!

Brosjyre og stempel finn du på dagsturhyttene. 

Slik fungerer det:
1. Skriv namnet ditt TYDELEG på brosjyra som du finn på dagsturhyttene
2. Stemple brosjyra kvar gong du kjem til ei ny dagsturhytte
3. Du bestemmer sjølv om du vil ha liten premie (fem dagsturhytter), eller ein større premie (26 dagsturhytter). Når du har nådd målet ditt, går du til nærmaste filial av Sparebanken Sogn og Fjordane og leverer inn brosjyra for å få premien. Oversikt over filialar finn du på www.ssf.no.

Ta berre ei brosjyre og IKKJE ta med brosjyrer (eller stempel) til andre enn deg sjølv! Dersom det er tomt for brosjyrer i hytta, kan kven som helst hente fleire i næraste bankfilial.

Brosjyra som ein skal stemple ser slik ut: 

*Hytta i Vik har ikkje fått namn enno, og hytta i Balestrand har endra namn til Balabu. 

Dagsturhyttene er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane i Sogn og Fjordane. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00