Foto av dagsturhytta i Trivselsskogen på Sandane. Biletet er teke når det er mørkt, og vi ser lysa frå Sandane sentrum i det fjerne. Det ligg eit snølag på og rundt hytta, og vi har utsikt ned mot Sandane.

Dagsturhytta i Gloppen var den første til å bli opna og ligg på staden Draumekvila i Trivselsskogen på Sandane. (Foto: Geir Skagen)

Dagsturhytta

Kvar kommune i Sogn og Fjordane får si eiga dagsturhytte, med nynorske turbibliotek, på eit turmål i kommunen.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: Fysisk aktivitet for alle.

Presentasjonsfilm

Her kan du sjå ein presentasjonsfilm av dagsturhytteprosjektet, frå monteringa av hytta på Ytre Eikum i Luster. Filmen er laga av Falkeblikk Film Productions.

Oversikt over kvar det er/kjem hytter

Kommune Plassering Planlagd montering
Askvoll Nyksvatnet November 2018
Aurland Vinjaåsen På plass
Balestrand Gulleplenipa 2019
Bremanger Veten 2019
Eid Naustdalskamben På plass
Fjaler Bygdeheia November 2018
Flora Fløgjen ved Hatlesetnipa På plass
Førde Viefjellet November 2018
Gaular Kårstadskaret November 2018
Gloppen Draumekvila i Trivselsskogen På plass
Gulen Løypingsåsen Desember 2018
Hornindal Nakkebruna På plass
Hyllestad Sørefjordsvatnet Desember 2018
Høyanger Synken På plass
Jølster Fugledalen På plass
Leikanger Eggjahaugane På plass
Luster Ytre Eikum På plass
Lærdal Mjølkeflaten På plass
Naustdal Steinkorsen November 2018
Selje Risnakken På plass
Sogndal Stedjeåsen På plass
Solund Avløypeneset November 2018
Stryn Kloppemyra På plass
Vik Ikkje bestemt 2019
Vågsøy Kletten November 2018
Årdal Moakamben På plass


I Fylkesatlas kan du også sjå i kart kvar hyttene skal kome.

Lågterskeltilbod

Dagsturhytta skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar. Ho er om lag 15 kvadratmeter og har verken varme, straum eller sanitæranlegg. Hytta er ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Ein del kommunar har i tillegg bestemt seg for å byggje ein utedo i tilknyting til hytta. Om lag halvparten av kommunane vil også installere solcellepanel i hytta, medan andre igjen utstyrer hytta med varmeomn.

Plasseringa av hyttene er valt/skal veljast ut av administrasjonen i kommunen – eller ved hjelp av lokalt engasjement.

Nynorsk turbibliotek

Hyttene er utstyrte med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden, for å stimulere til lesing og for å gjere kjent god, nynorsk barnelitteratur. Boksamlinga er sett saman av hovudsakleg barnebøker. Folkebiblioteka har tilsynet med turbiblioteka i kommunane sine og supplerer med eigne bøker om friluftsliv, natur, segner og eventyr, lokale kulturminne, turmat, dyreliv, dikt og anna.

Fylkesbiblioteket har søkt og fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til eit toårig prosjekt for å skape aktivitet og stimulere til bruk av både hyttene og turbiblioteka, og for å prøve ut kombinasjonen kultur og fysisk aktivitet/tur. Nasjonalbiblioteket løyvde 400 000 kr til prosjektet i 2017, og fylkesbiblioteket har søkt om tilsvarande sum for 2018. Midlane skal gå til fleire turnear med m.a. teater og forfattarbesøk i dagsturhyttene i 2018 og 2019. Målgruppene er barnehagar, skular og flyktningar.


Foto av det nynorske turbiblioteket inni dagsturhytta på Sandane.
Turbiblioteket i hytta i Trivselsskogen på Sandane.

Blir bygde i Masfjorden

Hytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim og blir bygd av Reknes Byggjevarer. Dei byggjer hyttene på lageret sitt i Masfjorden, før dei blir frakta til stadane der dei skal monterast.

Dagsturhyttene blir i hovudsak finansierte ved hjelp av spelemidlar, med pengar frå Sparebankstiftinga og momsrefusjon.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven