Dagfinn Neteland blir ny administrerande direktør i Fjord1

Styret i Fjord1 AS har tilsett Dagfinn Neteland som administrerande direktør i selskapet. Han tek over etter Leif Øverland.

– Eg er svært tilfreds med at Neteland skal ta over som administrerande direktør i Fjord1 AS. Netland har omfattande erfaring frå finansnæringa og kjenner transportnæring svært godt. Han har definitivt dei eigenskapane som trengst for å leie Fjord 1 framover, seier styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, i ei pressemelding.

Neteland kjem frå stillinga som regionleiar i Nordea. Han har tidlegare mellom anna vore administrerande direktør i Gjensidige Vest og konserndirektør i Gjensidige Forsikring.

Han har solid erfaring frå transportbransjen, som konsernleiar i HSD ASA frå 2001 til 2005 og konsernsjef i Tide ASA i perioden 2005–2009.

Neteland tek til i stillinga i Fjord1 etter nærare avtale.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut