Tre jenter hoppar paradis i Sogndalsfjøra.
Tre jenter hoppar paradis i Sogndalsfjøra.

Tre jenter hoppar paradis i Sogndalsfjøra. Fotograf: Ukjend.

Då klokka klang

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane markerer den nasjonale Arkivdagen med temaet «Då klokka klang».

Laurdag 12.november kl. 11.00 inviterer vi alle som er interesserte i skulehistorie til Fylkeshuset på Leikanger for ein lærerik dag med skuleminne og fagleg påfyll.

På programmet står mellom anna eit innlegg frå førsteamanuensis Gunnar Yttri, som skal fortelje om skulehistoria til Sogn og Fjordane, og musikkarkivar Synnøve Sæmundsdotter Bjørset fortel om musikk og song i skulen. Kanskje har du ein song, ei regle eller ein leik du vil dele med oss?

Samlar inn skulehistorie

Skulehistoria er ei fantastisk kjelde som fortel mykje om endring og utvikling i samfunnet vårt. Skulen er noko vi alle har eit forhold til, men skulen min og skulen som far min hugsar er ganske så forskjellige, seier Sigrun Espe, prosjektleiar for fylkeskommunen og fylkesarkivet sitt prosjekt «Skulen min».

Målet til prosjektet er å samle kjelder og informasjon om skulehistorie og dele det på ein digital portal. Det er flott at det no vert lagt til rette for at alle kan vere med å bidra til å formidle sin del av denne historia, avsluttar Espe. 

Deltaking på Arkivdagen er gratis og fylkesarkivet serverer varm lunsj og kaffi. 

Besøk fylkesarkivet si nye heimeside for meir informasjon.

Program:

10.30 - 11:00: Kaffi og velkomst

11:00 - 12:00:

Velkomen til Arkivdagen ved fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl

Skulen før i tida, kåseri

Skulemysteriet i Sogn og Fjordane ved førsteamanuensis Gunnar Yttri

12:00 - 13:00: Varm lunsj

13:00 - 14:00: Verkstader

14:00 - 14:30: Kaffi og biteti

14:30 - 16:00: Verkstader

16:00 - 16:30: Oppsummering og avslutning

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00