Illustrasjonsbilde Sitep
Illustrasjonsbilde Sitep

Bilde: Sitep AS

Støttar innovasjonssatsing i Årdal

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare støtta ein ny øvingsfabrikk med topp moderne utstyr som skal gje industrien høve til å utvikle og teste automatiserte produksjonsprosessar. No får Sitep AS også 2,5 mill. kr. til arbeid med å utvikle innovasjonsmiljøet knytt til fabrikken.

Skal løfte industrien gjennom felles kompetansebygging

Fylkestinget sette i desember 2018 av 2,5 mill. kr. for at Sitep skal kunne jobbe med etablering og utvikling av selskapet. Gjennom våren 2019 er det jobba med ein oppdatert søknad, og vi kan no gje eit tilskot til selskapet. Sitep skal løfte industrien i fylket, gjennom å bygge felles kompetanse.

Topp moderne øvingsfabrikk

I juni 2018 sette fylkestinget av 5 mill. kr. i investeringstilskot til Sitep AS. Teknologiselskapet Sitep AS (Senter for innovasjon, teknologi og prosess), byggjer ein ny øvingsfabrikk i Årdal. Næringslivet i Årdal har gått saman om skipe Sitep AS for å leggje til rette for utvikling og testing av framtidig produksjonsteknologi og overgangen til «industri 4.0».

Omgrepet industri 4.0 vert nytta om den fjerde industrielle revolusjonen, der produkt, produksjon og internett går over i kvarandre. Dei fleste har kanskje høyrt om «tingas internett» der mobiltelefonen kan kommunisere med kjøleskapet eller varmepumpa? Overført til industrien så kan det til dømes bety at produktet kan kommunisere med maskinene som lagar produktet og gje instruksjonar, mellom anna om vedlikehald eller utbetringar. I framtida vil fabrikkane vere fleksible og produkt kan i stor grad skreddarsyast til kunden sitt behov, utan at det kostar meir enn ein storskalaproduksjon.

Øvingsfabrikken skal ha topp moderne utstyr der bedrifter kan utvikle og teste automatiserte produksjonsprosessar. Øvingsfabrikken og utstyret skal ha ei høg grad av digitalisering med mellom anna robotar, sjølvgåande køyretøy, utstyr for datainnsamling, analyse, lagerstyring, med meir.

Styrking av innovasjonsklynga


Tilskotet som no blir gitt skal vere med på å utvikle innovasjonsselskapet og innhaldet, og styrkje innovasjonsklynga.  Midlane skal mellom anna brukast til å utvikle tenester og innhald, møteplassar og opplæring, samarbeidstiltak i lynga, samt å bygge nettverk med andre klynger.

Tilskotet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune er eit driftstilskot, som delfinansiering av kostnadane med å etablere og utvikle selskapet, og er løyvd som støtte til innovasjonsklynger, artikkel 27 i det generelle gruppeunnataket (GBER), i tråd med statsstøttereglane i EØS-avtalen.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00