Foto frå utdelinga av gründerprisen 2019.
Foto frå utdelinga av gründerprisen 2019.

Njål Sund og Roald Eidsheim tok imot gründerprisen for ungdom på vegne av Rekkje Stiutvikling. Foto: Runar Bjørkvik Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Stiutviklarar får gründerprisen for ungdom

Årets gründerpris for ungdom går til Rekkje Stiutvikling AS for arbeidet deira med å byggje sykkelanlegg og berekraftige stiar.

– Årets vinnar er komen godt i gang og kan vise til vekst i den korte levetida si. Selskapet har vakse til tre årsverk og fire sesongstillingar. Oppstarten var ikkje berre lett, men selskapet har klart å tilpasse seg motgangen og endre retning etter behovet i marknaden. Det er no på veg inn i ein vekstfase, sa nestleiar for hovudutval for næring og kultur, Jakob Andre Sandal, under pristutdelinga.

Aktivitetsbasert reiseliv

Rekkje Stiutvikling held til i Sogndal og har spesialisert seg på å lage berekraftige stiar som tåler belastinga frå auka sykkel- og fotturisme. Produktet deira treff blink på aktivitetsbasert reiseliv, eit segment som er i sterk vekst.

Gründer og dagleg leiar fram til i går, Roald Eidsheim, var på plass under fylkestinget 24. april for å ta imot prisen. Med seg hadde han Njål Sund, som er ny dagleg leiar.

– Det betyr mykje for oss å få denne prisen. Vi har skikkeleg trua på at sykkelanlegga vi byggjer, er positive for samfunnsutviklinga. Då er det veldig hyggeleg at juryen ser det same store biletet som oss. Pengane kjem sjølvsagt godt med i eit ungt selskap og skal nok få bein å gå på. Det blir nok noko nytt graveutstyr no, seier Eidsheim, som no held fram i rollene som styreleiar og – etter eiga utsegn – «potet» i Rekkje Stiutvikling.

Gründerprisen for ungdom er på 50 000 kroner.

Heilårsbedrift

Sjølv om Rekkje Stiutvikling baserer mykje av aktiviteten sin på sommarsesongen, har dei også skaffa seg mykje arbeid resten av året ved å tilby kundane planlegging og kursing i vinterhalvåret. Kundane deira er mellom anna kommunar, lag og organisasjonar, men også kommersielle aktørar som til dømes skisenter, som ønskjer å tilby stisykling om sommaren.

– Selskapet har sikra seg referanseprosjekt både i og utanfor Sogn og Fjordane og er rekna for å vere ein pioner i bransjen. Dei har nokre konkurrentar, men skil seg frå dei ved å gjere alle delar av prosjektet, frå planlegging til bygging. Dei tilsette sit på solid faglig kompetanse, slo Sandal fast i talen sin.

Juryen har vektlagt lokale ringverknader, vekstpotensial og evna til å tilpasse seg marknaden. Arbeidet til Rekkje Stiutvikling har mellom anna bidrege til å dempe latente konfliktar mellom lokale interesser.

«Den nye ballbingen»

Eitt av produkta selskapet har utvikla, har potensial til å bli «den nye ballbingen». Pumptracken er ei sykkelbane med bogar og kular, designa for å trakke og «pumpe» seg gjennom ei løype på sykkel. Bana går i sirkel, og med nok fart kan ein halde det gåande i runde etter runde.

Sykkelbana er eit naturleg samlingspunkt for alle i nærområdet. Ho skal inspirere til spontan leik og moro. Bana skaper moglegheit for fysisk aktivitet på born og unge sine eigne vilkår, leik og samhald på tvers av kjønn og alder og heilt uavhengig av sykkelferdigheiter.

Meir informasjon om gründerprisen og oversikt over tidlegare vinnarar her.


Foto av sykkelbana kalla pumptrack, som er bygd opp med bogar, svingar og kular.
Pumptrack er eitt av produkta Rekkje Stiutvikling har utvikla. Det er ei sykkelbane, som har potensial til å bli «den nye ballbingen». Foto: Rekkje Stiutvikling.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut