Fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, fotografert framfor eit abstrakt kunstverk på Kviknes Hotel i Balestrand.
Fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, fotografert framfor eit abstrakt kunstverk på Kviknes Hotel i Balestrand.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeskommunen vil ha «kultur for alle»

Regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019–2027, «Kultur for alle», vart vedteken i fylkestinget 19. oktober. Planen set ambisiøse målsetningar for kulturfeltet i Sogn og Fjordane og det nye Vestland fylke.

Ambisjonen for planen er å løfte kunst- og kulturfeltet og gi langsiktig retning for kulturarbeidet i regionen. Saman med Regional plan for kultur i Hordaland 2015–2025, «Premiss: kultur», dannar planen grunnlag for kultursatsinga i Vestland fylke, som skal leiast frå dagens Sogn og Fjordane.

– Vi har levande kulturliv i fylket, og skal satse offensivt på kultur i det nye fylket. Vi er klare til å ta fleire og større oppgåver innan ramma av den nasjonale kulturpolitikken. Då er den nye kulturplanen eit godt grunnlag, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Hovudmåla i kulturplanen er at kulturfeltet skal bidra til å skape gode lokalsamfunn, og at Sogn og Fjordane skal ha kulturelle kraftsenter eller fyrtårn som hevdar seg regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Inkludering, digital kulturformidling, nynorsk språk og litteratur, kulturell infrastruktur og lokale kulturbygg vert trekte fram som nokre viktige satsingsområde.

– Kunst og kultur er viktig for enkeltmennesket si utvikling og som kraft i samfunnsutviklinga. Å satse på kultur er ei investering i demokrati og personleg vekst, seier Jenny Følling.

Planen skal følgjast opp med fireårige handlingsprogram og årlege handlingsplanar.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00