Foto av Vemund Eldegard som tek imot gründerprisen for ungdom 2017. Han held eit diplom, ein blomsterbukett og er flankert av fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.
Foto av Vemund Eldegard som tek imot gründerprisen for ungdom 2017. Han held eit diplom, ein blomsterbukett og er flankert av fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

Vemund Eldegard står bak bedrifta Elde Cosmetics og fekk gründerprisen for ungdom 2017. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Vemund Eldegard til topps som gründer

Gründerprisen for ungdom 2017 vart delt ut til Elde Cosmetics og Vemund Eldegard frå Førde, som no sel sitt eige hudpleieprodukt i land som Thailand, Autralia og USA.

Bedrifta vart etablert i 2015 og kan vise til godt sal og vekst, samtidig som gründeren fortsatt berre er 21 år.

Eit naturleg alternativ

Årets vinnar leita etter eit alternativ til dyre hudpleieprodukt. Då han ikkje fann dette bestemte han seg for å lage det sjølv. Allereie som 15-åring investerte han lønna han hadde frå bakeriet i sitt eige firma og starta å blande hudkremar heime på kjøkkenet hjå foreldra sine.

Hudpleieprodukta er laga med 100 prosent naturlege og veganske råvarer, og skal fylle ei nisje i hudpleiemarknaden. Produkta blir laga i Førde og blir no selde i butikkar, hjå frisørar og i nettbutikk til land som Thailand, Australia, USA og Hong Kong.

– Eg vil takke Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane for å ha støtta meg. Sogn og Fjordane har vore eit veldig godt gründerfylke for meg, og eg trur det kan bli det for mange andre, sa Vemund Eldegard då han tok imot prisen.

Lokal oppstart og produksjon

Gründeren har lagt ned eit imponerande arbeid. Merkevara hans er blitt anbefalt av Harry Potter-skodespelaren Emma Watson, og han har hausta mykje merksemd i lokale og nasjonale medium.

– Vemund Eldegard er ein flott representant for Sogn og Fjordane og til inspirasjon for alle gründerar som er her i fylket vårt og i heile landet, sa Karen Marie Hjelmeseter, leiar i hovudutval for næring og kultur.

Bedrifta vart etablert som aksjeselskap i 2015. Bedrifta kom i stand i Førde med lokal hjelp og Innovasjon Norge som støtte, og vidare var det lokale butikkar og frisørsalongar som selde produkta. No kan han vise til godt sal og vekst, ikkje minst på nett der 45 prosent av salet er til utlandet.

Prisen er diplom og 50 000 kroner. Juryen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, fylkesmannen og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, som samrøystes vedtok at årets gründerpris for ungdom går til Vemund Eldegard og Elde Cosmetics.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00