Foto frå utdelinga av gründerprisen for ungdom i 2017. Biletet syner dei to gründerane bak REMB Technologies, som fekk prisen og som held ein blomsterbukett, eit diplom og ein sjekk på 50 000 kr. Til høgre for dei står nestleiar i hovudutval for næring og kultur, Jakob Sandal og fylkesordførar Jenny Følling.
Foto frå utdelinga av gründerprisen for ungdom i 2017. Biletet syner dei to gründerane bak REMB Technologies, som fekk prisen og som held ein blomsterbukett, eit diplom og ein sjekk på 50 000 kr. Til høgre for dei står nestleiar i hovudutval for næring og kultur, Jakob Sandal og fylkesordførar Jenny Følling.

Fjorårets gründerpris gjekk til REMB Technologies i Florø. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kven fortener årets gründerpris for ungdom?

Fylkeskommunen treng hjelpa di til å finne fram til vinnaren av gründerprisen for ungdom 2017. Du kan nominere både deg sjølv eller andre til prisen på 50 000 kroner.

Gründerprisen skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket. Prisen vert delt ut på fylkestinget i desember.

Aktuelle kandidatar må vere mellom 18 og 35 år og bu i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere etablert i løpet av dei siste fem åra og vere lokalisert i fylket. Prisen har tidlegare gått til blant andre REMB Technologies i Florø, Sogndal Lodge Guiding og Videonor i Måløy.

Må ha forretningspotensial

Nyetableringa som får prisen, skal ha eit tydeleg forretningspotensial. Døme kan vere:                    

  • Omsetnad
  • Arbeidsplassar
  • Offensiv nyskaping
  • Teknologisk nyskapande produkt
  • Kommersiell innretting av produkt
  • Utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt
  • Funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensial
  • Utnytting av forretningspotensial og marknadsføring
  • Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Kompetanse hjå kandidaten (både formell og uformell)
  • Ekstra vekt på marginale samfunn i fylket og på etablering av kvinnelege arbeidsplassar

Kjenner du til ein ung gründer som oppfyller kriteria og fortener litt ekstra merksemd? Eller er du ein ung gründer som vil søkje om å få prisen?

Fristen for å sende inn forslag er søndag 12. november.

Juryen er sett saman av representantar frå fylkeskommunen, NHO, Fylkesmannen og Innovasjon Norge.

Les meir om prisen og tidlegare vinnarar.

Du kan sende forslaget ditt til jo-andreas.lunde.meisfjordskar@sfj.no eller ved å fylle ut skjemaet under.

Kontaktinformasjon til deg som nominerer






Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00