Bilde av vinnarane av Gründerprisen for ungdom
Bilde av vinnarane av Gründerprisen for ungdom

Vinnarane av Gründerprisen for ungdom Foto: Birthe Fredheim Finstad

Gründerprisen til REMB

Gründerprisen for ungdom 2016 går til REMB Technologies og produktet dei har for dokking av skip. Bedrifta held til i Florø og er starta av gründerane Erlend Bjerck og Robin Madsen i 2014. Gründerane har lang erfaring ifrå verftsindustrien, og god industriell kompetanse er viktig for dette prosjektet.

Dreg nytte av industriklynga

Jakob Andre Sandal, frå hovudutvalet for næring og kultur, rosa gründerane for å satsa friskt i ein global bransje prega av sterk konkurranse. Juryen legg vekt på at bedrifta har fått til eit produkt med høg grad av innovasjon, og at dei har tatt i bruk dei moglegheitene som ligg i industri-klynga i Florø-området.

– . Gründerane er lokale florøværingar og har brukt den varierte og solide erfaringa si til å utvikle eit imponerande produkt på heimplassen sin., seier Sandal.

I samarbeid med større aktørar

REMB har også imponert med det breie samarbeidet dei har med etablerte aktørar som Westcon Yard Florø, Kongsberg Innovasjon og TTS Syncrolift. Ideen har fått brei støtte frå fleire store aktørar som Innovasjon Norge, Flora kommune, Sparebanken Vest og Norges Forskningsråd


Sjekk frå fylkesordføraren

Prisen gir heider og 50 000 kroner. Etter talen overrekte fylkesordførar Jenny Følling blomar, sjekk og diplom til vinnarane.


Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, Fylkesmannen og  Sogn og Fjordane fylkeskommune.

 

Kontaktperson:

Jakob Andre Sandal
hovudutval for næring og kultur
Jakob.Andre.Sandal@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00