SGN Skis tek imot gründerpris for 2015 frå fylkesordførar Jenny Følling
SGN Skis tek imot gründerpris for 2015 frå fylkesordførar Jenny Følling

Gründerprisen for ungdom 2015 gjekk til SGN Skis frå Sogndal Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gründerpris for ungdom

Vi treng di hjelp til å finne vinnaren av gründerprisen for ungdom 2016. Du kan føreslå både deg sjølv og andre.

Gründerprisen skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket. Prisen er på 50 000 kroner og vert delt ut på fylkestinget i desember.

Aktuelle kandidatar må vere mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere etablert i løpet av dei siste fem åra og må vere lokalisert i fylket.

Kandidatane vert vurderte ut frå følgjande kriterium:

Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale. Eksempel kan vere:                    

  • Omsetnad
  • Arbeidsplassar
  • Offensiv nyskaping
  • Teknologisk nyskapande produkt
  • Kommersiell innretting av produkt
  • Utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt
  • Funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensial
  • Utnytting av forretningspotensial og marknadsføring
  • Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Kompetanse hjå kandidaten (både formell og uformell)
  • Ekstra vekt på marginale samfunn i fylket og på etablering av kvinnelege arbeidsplassar

Juryen er samansett av representantar frå fylkeskommunen, NHO, Fylkesmannen og Innovasjon Norge.

Gründerprisen har vorte delt ut årleg sidan 2006. I 2015 gjekk prisen til SGN Skis frå Sogndal.

Kjenner du til ein ung gründer som oppfyller kriteria og fortener litt ekstra merksemd? Eller er du ein ung gründer som vil søkje om å få prisen?

Fristen for å sende inn forslag er søndag 13. november.

Du kan sende forslaget om kandidat til jo-andreas.lunde.meisfjordskar@sfj.no eller til

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Næringsavdelinga v/ Jo-Andreas Lunde Meisfjordskar
Askedalen 2
6863 Leikanger

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00