Bilete frå besøket på StartupLab i Oslo
Bilete frå besøket på StartupLab i Oslo

Bilete frå besøket på Startup Lab

Gründerskap på agendaen

Næringavdelinga i fylkeskommunen inviterte næringsmedarbeidarar med på tur for å lære korleis vi kan hjelpe fram fleire gode gründerar i Sogn og Fjordane.

4. og 5. november reiste 20 næringsmedarbeidarar til Oslo for å hente inspirasjon i arbeidet med å få fram fleire etablerarar og bedrifter. Næringsmedarbeidarane i førstelinjetenesta er dei næraste hjelperane for gründerar som ynskje å starte opp eiga verksemd. Dei kjem mellom anna frå kommunar, næringsselskap, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge. Vi var nysgjerrige på kva dei gjer i hovudstaden for å legge til rette for at nyetableringar får fotfeste og moglegheit for vekst. Kva kan vi ta med oss attende til Sogn og Fjordande som gjer at vi sjølve vert flinkare til å drive frem gode gründerar?

I løpet av dei to dagane i Oslo besøkte vi MESH og Forskningsparken, to viktige arenaer for gründerskap i hovudstaden. Begge tilbyr leige av kontorplass, på kort eller lang sikt. Kontorfellesskapet opnar moglegheiter for mellom anna å danne nettverk, å lære av andre gründerar, få tilgang til mentorar og å kome i kontakt med investorar.

Vi fekk føredrag frå gründerar, inkubatorar, investorar og tilretteleggarar. Eitt ord gjekk att i alle føredrag som heilt vesentleg for gründerskap: nettverk.

Det vart sagt at tilgangen til eit nettverk og gode mentorar kan vere meir verdifullt enn monetære bidrag. Blant dei viktige spørsmåla vi tek med oss vidare er difor: Korleis kan vi legge til rette for nettverking i eit fylke prega av store avstandar og tidkrevjande reisevegar?

Det var mykje spennande som vart teke opp under opphaldet i Oslo. Presentasjonane vert lagde ut her etterkvart som vi får dei inn. Nokon av presentasjonane vert ikkje lagde ut av omsyn til føredragshaldarens ynskje.

Bedriftspresentasjon: Douchebags ved Mette Schjelderup

Bedriftspresentasjon: Stina Liland Nysæther

Angel investor Thomas Berlund, Angel Challenge

Bedriftspresentasjon: nLink ved Konrad Fagertun

Philip Lorentzen: Forskningsrådet og innovasjonsvirkemidlar

Espen Melleby: Presentasjon av SkatteFUNN

Vebjørn Walderhaug: Presentasjon av Horisont2020s bedriftsretta program

 

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00