Foto frå utdelinga av bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Norge i oktober 2015. Frå venstre ser vi Åshild Kjelsnes, Yngve Brakstad, Steinar Sørli og Jenny Følling. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Bygdeutviklingsprisen 2015 gjekk til Åmot Operagard, og både Yngve Brakstad og Steinar Sørli var tilstades på utdelinga. Prisen vart delt ut av fylkesordførar Åshild Kjelsnes og styreleiar Jenny Følling i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Åmot Operagard fekk pris

Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris 2015 i Sogn og Fjordane går til Åmot Operagard. Bedrifta får prisen for å ha utvikla eit vellukka driftskonsept som er både originalt og nyskapande.

– Det byggjer på at garden er ein arena for produksjon av kulturopplevingar innanfor eit spekter av opera/teater og konsertar, selskap og bryllaup, gardskjøkken og restaurant, møte og arrangement og overnatting. Slik har Åmot Operagard teke ein nasjonal posisjon som ei av dei mest nyskapande kultur- og reiselivsbedriftene i landet, sa styreleiar Jenny Følling i Innovasjon Norge då ho delte ut prisen før møtet i fylkestinget 13. oktober 2015.

Både Steinar Sørli og Yngve Brakstad var tilstades og tok imot prisen. Bygdeutviklingsprisen er på 50 000 kroner, og Åmot Operagard går no vidare som kandidat til den nasjonale bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Norge, der vinnaren får 250 000 kroner.

Nytt og utradisjonelt

Bedrifta har dei siste åra hatt ei positiv utvikling i omsetning og resultat. Denne utviklinga held fram i 2015 med stor omsetningsauke og resultatforbetring.

Steinar Sørli og Yngve Brakstad som driv bedrifta, er ressurspersonar i norsk reiseliv. Dei tenkjer nytt og utradisjonelt og samarbeider godt med relevante aktørar, både lokalt og regionalt og  nasjonalt. Dette bidreg til etablering av internasjonale nettverk. Slik frontar dei ei utvikling av ei lokal/regional kultur- og matklynge, legg premissar og utviklar kompetanse og gode kunderelasjonar både i eiga bedrift og hos leverandørar og samarbeidspartnarar.

– Slik har dei etablert relasjonar til kundesegment som ein her i fylket ikkje har nådd tak i tidlegare, seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge. Samarbeidet med til dømes operatøren Travel Designer har skaffa kundar frå «High End»-segmentet frå blant anna USA. Sist i rekkja av samarbeids-partnarar er Bergen Nasjonale Opera og sist sommar resulterte dette i ein Operafestival i ny drakt. I september 2015 har Åmot Operagard fått plass og heiderleg omtale i engelske i Financial Times.

Verdifulle opplevingar

Gardsmiljøet og vakker vestlandsnatur pregar kulissane til denne unike gardsscena, der lokale, nasjonale og internasjonale kunstnarar står for kulturopplevingar i særklasse. Utsøkt sunnfjordsmat tilberedt av lokale råvarer frå sjø og land og overnatting i det restaurerte våningshuset frå 1890, gir operagardbesøket ein ekstra dimensjon. Tildelinga av kvalitetsmerke som Olavsrosa frå Norsk Kulturarv og De Historiske frå De Historiske Hotel & Spisesteder, i tillegg til plass i kategorien «De Historiske perler», understrekar kor verdifulle opplevingar Åmot Operagard har å by på. I stortingsmeldinga om entreprenørskap i landbruket (2015) er bedrifta omtalt og trekt fram som eit godt døme.

Innovasjon Norge har hatt tett dialog med Åmot Operagard i mange år og har bidrege med finanisering og kompetanse som har vore viktig for utviklinga i selskapet.

Kontaktpersonar

Steinar Sørli
Åmot Operagard
971 60 704

Halvor Flatland
direktør, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
957 81 493

Jenny Følling
juryleiar og styreleiar i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane: 
479 05 990

Del dette:

Relaterte lenker