Foto frå omvisning på skulegarden på Sogn Jord og Hagebruksskule i Aurland. Det er sol og grønt gras, vi ser fleire grønsakssenger, og fem personar som står og snakkar saman litt i bakgrunnen.

Prosjektet om økologisk mat i alle skulekantinene hadde oppstartssamling på Sogn Jord og Hagebruksskule i Aurland. Der var dei mellom anna på omvisning på skulegarden. Foto: Sogn Jord og Hagebruksskule.

Økologisk mat på alle skulane

Fylkeskommunen har som mål å tilby økologisk og lokal mat i kantinene på alle dei vidaregåande skulane. For å få til det har vi starta eit toårig prosjekt, som hadde første samling denne veka. 

Gry Tokvam ved Sogn Jord- og Hagebruksskule er prosjektleiar, og nettopp landbruksskulen i Aurland, som har 90 prosent økologisk mat i kantina allereie, spelar ei hovudrolle i prosjektet.

– Målet er at alle skulane skal ha minst 15 prosent økologisk mat i tilbodet sitt. Det er i tråd med dei nasjonale målsetjingane. Vi er no i startgropa med Sogn Jord og Hagebrukssskule, Dale vidaregåande skule og United World College, seier Tokvam.

Første samling denne veka

Tanken er at kjøkena på desse skulane skal opparbeide seg mykje kompetanse i den toårige prosjektperioden, kunnskap som etter kvart vil kome dei andre skulane i fylket til gode. Tokvam fortel at berekraftige menyar er eit omgrep dei jobbar mykje med. Berekraftig med tanke på utnytting av ressursar, «grønare» menyar, sesongbasert mat, transport og å unngå kasting av mat.

– Endringane må skje stegvis og skal ikkje medføre ekstra utgifter. Nettverksbygging, samlingar, besøk, miljørettleiar i kantina og hospitering er stikkord for kompetansehevinga, fortel Tokvam

Første samling for deltakarane i prosjektet fann stad i Aurland denne veka. Deltakarane fekk mange tips til korleis dei kan nytte rimelege råvarer, som er populære blant skuleungdomane, på nye måtar. Det var også ei økt om jord, og korleis økologisk dyrking tek i vare matjorda, noko som er viktig kunnskap å ha med som bakteppe.

For meir informasjon

Gry Tokvam
Sogn Jord- og Hagebruksskule
gry.tokvam@sfj.no
905 94 942

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut