Røykutvikling på Mo og Øyrane vidaregåande skule

Kjelda til røyken er funnen og undervisninga er i gang att.

Tysdag føremiddag vart det meldt om røykutvikling på Mo og Øyrane vidaregåande skule.

Brann og ambulanse vart sendt til staden og situasjonen er under kontroll.

– Røyken kom frå ei heissjakt i undervisningsbygget på avdelinga Øyrane. Det var aldri noko reell fare og lærarane fulgte alle prosedyrar, seier rektor Liv Horvei.

Årsaka til røykutviklinga er ikkje klar.

Elevane er no tilbake i bygget og i gang med undervisninga.

Del dette:

Relaterte lenker