250 000 kr til prosjektet «Høyangerskulen 1–13»

Høyanger vidaregåande skule har saman med fem grunnskular i Høyanger fått 250 000 kroner frå Utdanningsdirektoratet. Pengane skal gå til samarbeidsprosjektet «Høyangerskulen 1–13», som skal betre læringsmiljøet til elevar på alle trinn.

Prosjektet er toårig, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har inngått ein forpliktande avtale med Høyanger kommune om eit utvida samarbeid om grunnopplæringa frå 1. til 13. trinn. Læringsmiljøet står i sentrum for arbeidet, med klasseleiing og relasjonsbygging som stikkord.

– Vi kjem i tillegg til å jobbe med grunnleggjande ferdigheiter for å styrke kompetansen til læraren i den ordinære undervisninga. Vi kjem til å rette særleg merksemd mot alle overgangane i heile grunnopplæringa, seier rektor ved Høyanger vidaregåande skule, Torill Thorbjørnsen.

Dei overordna måla med prosjektet er å auke og sikre kvaliteten i læringsarbeidet for å gje elevane best mogleg fagleg og sosial kompetanse og å hindre fråfall i vidaregåande opplæring.

Over 200 skuleigarar søkte Utdanningsdirektoratet om midlar til tiltak for betre læringsmiljø i denne omgangen. 30 av søknadane vart innvilga.

For meir informasjon

Torill Thorbjønsen
rektor, Høyanger vidaregåande skule
415 30 762
torill.thorbjornsen@sfj.no

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00