Vi er med og skaper «Åtgaum» i Oslo

Framtidsfylket arrangerer «Åtgaum» på Youngstorget i Oslo søndag 5. mai i samband med 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke. Fylkeskommunen stiller på stand for å vise fram kva Sogn og Fjordane kan by på at spennande næringar og utfordrande arbeidsplassar.

– Vi må ikkje berre bli oppfatta som eit flott ferie- og fritidsfylke. Det er viktig å vise fram utfordrande og framtidsretta arbeidsplassar for å få folk til å flytte hit, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

Han vert å finne på «Åtgaum»-standen til fylkeskommunen saman med informasjonssjef Ingvild Ramstad og personalrådgjevar Jan Erik Weinbach. Fylkeskommunen vil stå saman med andre offentlege verksemder på Youngstorget. Mange private verksemder deltek også.

Smakebit av Sogn og Fjordane

Framtidsfylket steller i stand «Åtgaum» for å feire 250-årsjubileet for fylket. Dei byr på det beste av Sogn og Fjordane i Oslo denne dagen. Dei som kjem innom får ein smakebit av kultur, idrett, næringsliv, reiseliv, natur, mat og drikke frå Sogn og Fjordane.

Radioprofil Ronny Brede Aase frå Førde leier underhaldningsbiten, og vi får musikk ved blant andre Eva & The Heartmaker, Synnøve Bjørset og Thea Hjelmeland.

– Fylkeskommunen skal vere ein aktiv utviklingsaktør for fylket. Når Framtidsfylket får til eit så flott tiltak som «Åtgaum» i hjarta av Oslo, er det naturleg at vi er med og støttar dette. Vi må syne fram alt det flotte fylket har å by på for å få til utvikling og vekst, seier Jan Erik Weinbach.

Sogn og Fjordane-gåve

Dei som er tilstades på Youngstorget 5. mai kan også vere med i trekninga av den store Sogn og Fjordane-gåva. Gåva hadde fredag 26. april ein verdi av over 54 000 kroner og vil auke fram mot trekninga.

Du må registrere deg her for å vere med i trekninga.

Meir informasjon om «Åtgaum» og heile programmet på nettsidene til Framtidsfylket.

 
 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut