Sogn og Fjordane fylkeskommune er Årets nynorskkommune 2012

Fylkeskommunen får prisen for å vere eit sterkt nynorskfylke som har løfta nynorskbruken opp på eit politisk overordna nivå. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete overrekte prisen til fylkesordførar Åshild Kjelsnes under ein seremoni i Oslo tysdag 4. desember.

– Eg er svært glad for denne prisen. Eg tykkjer faktisk vi fortener han. Vi er opptekne av å fremje nynorsken, og vi har vedteke ei språkpolitisk satsing for å styrkje posisjonen til nynorsken, seier fylkesordføraren.

Prisen er på 100 000 kroner og eit bilete.

Politisk vilje er ein føresetnad

Juryen meiner Sogn og Fjordane skil seg ut blant dei som søkte om å bli Årets nynorskkommune 2012. Dei trekkjer fram at fylkestinget har slutta seg til konkrete mål for nynorsken og ein strategi for å nå desse. Juryen roser også fylkeskommunen for å ha etablert eit nynorsk forum.

Dette viser at den politiske viljen i fylkeskommunen er til stades, og juryen meiner dette er ein føresetnad for å fremje nynorskbruken i fylket. Juryen merker seg at Sogn og Fjordane fylkeskommune er seg svært medviten den rolla dei har som eit sterkt nynorskfylke og at dei har ambisjonar på nynorskfeltet utover fylkesgrensa, heiter det i grunngjevinga.

Stor verdsetjing av arbeidet

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er stolt av prisen, og meiner han er til inspirasjon i det vidare arbeidet.

– Dette betyr at arbeidet vårt vert verdsett. Det er ein pris eg er kry over at fylket vårt har fått. Prisen er ei stor inspirasjonskjelde for alle som er opptekne av det flotte nynorske språket, og som vil det skal ha ei levande og rik framtid, seier ho.

Kjelsnes er oppteken av at Sogn og Fjordane har ei spesiell rolle som nynorskfylke. Rapporten «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» viser at nynorsken står sterkt, og at nynorskbruken er stabil i Sogn og Fjordane.

– Vi har ei spesiell rolle som nynorskområde, og det forpliktar. Vi ser klåre tendensar til ei utvikling som må møtast med tiltak om vi vil at nynorsken skal ha ei like sterk rolle her i framtida. Fylkesrådmannen vil blant anna lage ein eigen språkbruksplan for fylkeskommunen for at vi skal vere bevisste på rolla vår, fortel ho.

Grunngjevinga til juryen

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
918 88 568
ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00