Byggeskikkpris til Sogn og Fjordane kunstmuseum

Førde kommune sin byggeskikkpris for 2014 gjekk til Sogn og Fjordane kunstmuseum, som vart opna hausten 2012. Bygget er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune.

– Ingen som er innom Førde kan unngå å legge merke til dette bygget, og det vert omsnakka og sikkert diskutert langt utanfor kommunegrensene våre. Det er faktisk slik at om du tek eit bilete der dette bygget er med, så vil ein skjønne at dette må vere teke i Førde, sa leiar for juryleiar Iris Loftheim.

Det nye kunstmuseet vart opna 8. september 2012 og har sidan blitt lagt godt merke til, kanskje særleg på grunn av lyssetjinga. Bygget lyser opp i mørket, og juryleiaren la vekt på at det er med å skape identitet til Førde og bidra til god omdømebygging.

– Vi er både glade, overraska og stolte over å få denne prisen. Kunstmuseet er eit bygg mange har meiningar om, og som vi er stolte av å ha fått på plass, seier bygge- og eigedomssjef i fylkeskommunen, Jan Tore Rosenlund.

Vidare framheva Rosenlund det gode samarbeidet med Førde kommune, og kor viktig det er at Førde kommune har sett arkitektur i sentrum.

Han tok imot prisen saman med museumsdirektør Morten Johan Svendsen, Christian Dahle frå arkitektfirmaet C. F. Møller AS og tidlegare kommunalsjef i Førde, Håkon Fimland.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00