Bulyst-prosjekt sendt til KRD

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) lyste tidlegare ut Bulyst-midlar. Fylkeskommunen var tett involvert i arbeidet mellom anna med å vurdere søknadene før dei gjekk til KRD. Innsending til KRD var 4. mai og fylkeskommunen gjorde ei vurdering av 36 søknader.

Dei søknadane som er prioriterte og som krev fylkeskommunal medfinansiering skal opp til politisk handsaming seinare. Dette var ikkje mogleg å få til før innsending til departementet i mai og fylkeskommunen gjer KRD oppmerksam på i brevet at ein må ta atterhald om dette før politisk handsaming.

Alle som har søkt vil få svar om at søknaden er mottatt. Dei som ikkje har fått svar frå KRD innan 11. juni, har fått avslag på søknaden.

Fylkeskommunen vil no starte arbeidet med å sende tilbakemeldingar til alle søkjarar om vurdering og tilråding frå fylkeskommunen si side.

Les brevet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til KRD her

Meir om Bulyst

Del dette:

Relaterte lenker