Tilskot for breibandutbygging 2019

Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for breiband. Gjennom denne ordninga vil ein sikre eit tilstrekkeleg godt breibandtilbod til områder det ikkje er lønsamt å byggje ut på kommersielle vilkår.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet  (Nkom) gjev kvart fylke ei årleg ramme basert på ein fordelingsnøkkel. Det er berre kommunar eller samanslutningar av kommunar som kan søkje om midlar. Søknadane skal sendast direkte til fylkeskommunen, og ikkje til Nkom. Fylkeskommunane sender ei samla innstilling til Nkom med prioriterte prosjekt innan eige fylke. Eigendelen for husstandane, kommunane og fylke er om lag 1/3, staten dekker om lag 1/3 og vi forventar at utbyggar/leverandør dekker om lag 1/3 av totalkostnaden. Husstandar og bedrifter må kontakte sin kommune for å melde inn behov.

Nkom har ikkje motteke retningslinene for 2019 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet enno. Dersom det skulle bli endringar frå 2018 vil vi informere om dette så snart som råd.

Søknadsskjema utarbeida i 2018 skal nyttast også i 2019. Søknadsskjema finn de her.

Søknader skal sendast til post@sfj.no eller til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger.

Søknadsfrist er sett til 24. april 2019.

Informasjon frå Nkom (ikkje oppdatert for 2019)

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

For søknader 2019

Olav Skarsbø
olav.skarsbo@gmail.com
909 93 462

Oppfølging av eldre tilskot

Kristin Arnestad
Seniorrådgjevar
Kristin.Arnestad@sfj.no
906 16 843

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven