Bratt vintermoro frå Sogn til Sør-Korea

Den norske ambassaden i Seoul og Bratt Moro samarbeider i vinter om å promotere Noreg og Sogn. På undergrunnen i Seoul blir det i månadane framover vist bilete frå vinterlandskap og vintersport.

Noreg har ei fast utstilling på den travle Samgakji-stasjonen på undergrunnen i Seoul. Kvar dag kan dei 100 000 besøkande få ein smak av Noreg med både biletutstillingar og filmar. Tidlegare har ein del av utstillinga blant anna vore direktesending frå Hurtigruten si ferd langs norskekysten.

For å fange interessa til travle koreanarar, samarbeider ambassaden i Sør-Korea i vinter med Bratt Moro i Sogndal. Det vert synt ekstremsport frå vakkert vinterlandskap i Indre Sogn.

Flott noregsreklame

– Stor stas for oss at bileta og videoane våre vert vist fram for hundretusenvis av seoulittar, seier Tor Yttri i Bratt Moro i ei pressemelding frå den norske ambassaden i Seoul.

Han trur ikkje dei får så mange koreanarar til Fjellsportfestivalen, men tykkjer det er kjekt at ambassaden brukar Bratt Moro i marknadsføringa av Noreg.

– Viss vi kan bidra til at fleire koreanarar legg ferieturen sin til Noreg og Sogn og Fjordane, så er det veldig bra. Vi har lagt ned store ressursar i å ta gode bilete og videoar, og då er det flott at desse kan nyttast til noregsreklame i utlandet, seier Yttri.

Konkurrerer om flyreise til Noreg

Vinterbileta frå Sogn spelar på sørkoreanarane si lyst på fart og spenning. Samstundes appellerer bileta til deira lidenskapelege forhold til vintersport, skriv ambassaden i pressemeldinga.

Ambassaden arrangerer i samarbeid med reiseorganisasjonar og næringsliv i Sør-Korea også ein konkurranse i samband med utstillinga. Deltakarar tek bilete av seg sjølve føre utstillinga medan dei latar som dei er i Noreg.

Bileta lastar dei så opp på sosiale medium. Det skal trekkjast fleire vinnarar som blant anna kan vinne ei tur/retur-flyreise til Noreg. Vona er at filmen og konkurransen vil jobbe saman for å skape merksemd om Noreg.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette