Branntilløp ved Sogndal vgs under kontroll

Det var onsdag 19. november tilløp til brann i ein verkstad ved Sogndal vidaregåande skule. Ingen kom til skade, og det er vanleg oppmøte for elevane torsdag 20. november.

Det vart kl. 13.30 varsla røykutvikling i verkstaden til programområdet teknikk og industriell produksjon (TIP) ved skulen. Røyken kom frå eit ventilasjonsfilter i sliperommet knytta til verkstaden. Elevane vart evakuert, og politi og brannvesen rykte ut til staden. Branntilløpet kom raskt under kontroll. Då ventilasjonsanlegget vart satt ut av drift, vart elevane i bygget permittert for resten av skuledagen onsdag.

For meir informasjon, kontakt:
Martha Sofie Vange
Rektor, Sogndal vidaregåande skule
Tlf.: 957 21 392

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00