Bilete av hender som skriv, skriveblokker og datamaskiner
Bilete av hender som skriv, skriveblokker og datamaskiner

Bloggstipend til ti ungdomar

Ungdomspolitisk utval (UPU) har plukka ut ti ungdomar til å delta på bloggprosjekt i regi av fylkeskommunen. Dei ti får eit gratis kurs og eit stipend på 5000 kroner kvar. 

Fylkeskommunen lyste tidlegare i år ut eit bloggstipend og –kurs for ungdom i Sogn og Fjordane som vil blogge på nynorsk. Ungdomspolitisk utval har no vurdert alle søknadane, inkludert skriveprøvane i form av korte blogginnlegg, som vart sende inn innan fristen.

— Prosessen har vore spennande. Det er heilt klart mykje engasjert ungdom, som skriv godt nynorsk i fylket. Desse er vi stolte av, seier Sofie Sundberg, leiar av UPU.

Todelt prosjekt

Bloggprosjektet har to delar – eit bloggkurs og eit påfølgjande bloggstipend. To gutar og åtte jenter frå fylket skal gjennom ei kurshelg få inspirasjon til å ytre meiningane sine på sitt eige språk – nynorsk.

I første del av prosjektet skal alle deltakarane samlast ei helg i Loen for å få kursing og opplæring innanfor skriving, foto og digital formidling. Kursleiarane er fotojournalist Bent Are Iversen, journalist og forfattar Katrine Sele og bloggar og målkvinne Janne Nygård.

— Programmet for dei to dagane er tettpakka. Med desse tre dyktige og inspirerande kursleiarane satsar eg på at det blir ei flott helg, seier Sigrun Espe, rådgjevar i kulturavdelinga i fylkeskommunen.

I andre del av prosjektet skal ungdomane skrive tekstar på nynorsk om saker dei er opptekne av.  Tekstane skal publiserast både på eigne bloggar og i fylkeskommunen sine kanalar på nett. Kvar deltakar skal skrive tre tekstar og dette utløyser 5000 kroner i bloggstipend frå fylkeskommunen.

Deltakarane

Deltakarane kjem frå Sande, Førde, Florø, Sogndal, Hafslo og Aurland, og er mellom 14 og 26 år.

Dei som skal delta i prosjektet er:

  • Anne-Malin, Aase (26), Førde
  • Ingrid Aspeseter Liheim (14), Sogndal
  • Martine Espe (17), Sande
  • Silje Holm Carlsen (16), Hafslo
  • Massoma Jurmy (17), Førde
  • Madlen Lehmann (18), Sande
  • Dag Henrik Nygård (21), Florø
  • Sigrid Skjerdal (22), Aurland
  • Linda Solheim (18), Førde
  • Jostein Vedvik (18), Førde

For meir informasjon:

Sigrun Espe
Rådgjevar i kulturavdelinga
Sigrun.Espe@sfj.no
990 44 666 

Del dette:

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00