Jente med kamera
Jente med kamera

Bloggkurs og bloggstipend

Ungdom mellom 15 og 27 kan søke om å delta på kurs for å lære om foto, skriving og formidling på nett. Deltakarane får også bloggstipend for å blogge i etterkant av kurset. Fristen for å søke går ut om éi veke.

Kurs

Laurdag 12. og søndag 13. september vert det arrangert kurs for dei søkarane som vert valde ut. Sogn og Fjordane fylkeskommune står bak dette prosjektet, og Ungdomspolitisk utval skal velje ut dei ti deltakarane basert på eit sett kriterier.

– Det viktigaste kriteriet er engasjement, seier Sigrun Espe, rådgjevar i kulturavdelinga i fylkeskommunen. 

– I tillegg til dette har vi eit mål om å få ei bredde i gruppa, både når det gjeld interesse, stil, alder og kjønn.

Søknadsfristen er torsdag 27. august.

Program

– Fullstendig kursprogram vert annonsert etter at søknadsfristen er ute, men det vert to kursdagar – ein laurdag og ein søndag – med hotellovernatting mellom, seier Espe.

Kurshaldarane er også klare:

Journalist, forfattar og kommunikasjonsrådgjevar Katrine Sele skal ha ein skriveverkstad, bloggar og målkvinne Janne Nygård skal lære vekk bloggtips- og triks og fotojournalist Bent Are Iversen skal ha ein teoretisk og praktisk bolk om foto.

Stipend

Når deltakarane har fullført kurset og skrive og publisert tre ulike blogginnlegg om tre ulike tema på nynorsk, vil dei få tildelt eit bloggstipend frå fylkeskommunen. Bloggstipendet er på 5000 kroner.

Deltakarane skal sjølve bestemme tema for blogginnlegga som også vert publiserte gjennom fylkeskommunale kanalar på nett. 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00