Foto av to små ungar på eit bibliotek, ein gut med mørkt hår og ei jente med lysare hår. Dei ser begeistra i kvar si bok, og guten peikar på ein av teikningane i boka.
Foto av to små ungar på eit bibliotek, ein gut med mørkt hår og ei jente med lysare hår. Dei ser begeistra i kvar si bok, og guten peikar på ein av teikningane i boka.

Foto: Lene Neverdal/Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Biblioteka finn nye vegar til lesaren

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek presenterer og delar erfaringar frå prosjektet «Lesarhistoria – ny veg til lesaren» i Oslo 9. november.

Dei siste tre åra har Fylkesbiblioteket samarbeidd med Høgskulen i Oslo og Akershus og fem kommunar i Sogn og Fjordane om dette prosjektet. Dei har sett på korleis det er mogleg å utvikle formidlingspraksisar med utgangspunkt i lesarhistoriene til barn og unge.

Målet har vore å auke kunnskapen om korleis bibliotek, skular og barnehagar kan samarbeide for å skreddarsy formidlinga til den einskilde.

Prosjektet vert avslutta no i år, og i samband med det skal det presenterast på Høgskulen i Oslo og Akershus 9. november. Seminaret er ope for alle og gratis.

Her kan du sjå heile programmet for seminaret og melde deg på.

For meir informasjon

Bente Lund
rådgjevar, fylkesbiblioteket
57 63 79 51
bente.lund@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00