Betre arbeidskvardag med meistringsprogram

Prosjektet, som vart starta opp i 2007, har undersøkt kva effekt meistringsprogrammet Seljeprogrammet kan ha for tilsette som er langtidssjukmelde, og som slit med helseplager over tid. Seljeprogrammet er eit individuelt tilpassa meistrings- og motivasjonsprogram.

Styrkja sjølvkjensle

– Statistisk finn vi ingen effekt på meistring, funksjon, fysisk form eller subjektive helseplager. Programmet hadde heller ingen effekt på tilbakeføring til arbeid. Eit positivt funn var likevel at fleire auka sitt fysiske aktivitetsnivå, seier Jan Erik Weinbach, personalrådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det var også statistisk fleire som rapporterte at dei følte seg generelt betre etter Seljeprogrammet. Den kvalitative undersøkinga tyde på at Seljeprogrammet har styrkt deltakarane si sjølvkjensle og tru på at dei i framtida kan meistre kvardagen på ein betre måte trass i helseplager.

– Dette kan tyde på at Seljeprogrammet har ein gunstig effekt på personar med svak fysisk form, og som opplever at ein krevjande arbeidsdag i kombinasjon med eigne helseplager kan vere vanskeleg å meistre, seier Weinbach.

Viktig kunnskap å byggje vidare på

Målet med forskingsprosjektet var å finne ut om Seljeprogrammet kunne redusere sjukefråveret blant langtidssjukmelde og verke motiverande for å returnere til arbeidslivet. 30 tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune har delteke i prosjektet.

– Vi meiner denne forskinga har vore nyttig. No er vi forvirra på eit høgare kunnskapsnivå. Med det meiner eg at vi enno ikkje har dei endelege svara på kva som fungerer for kven, men at vi kan stille nye og meir presise spørsmål å svare på. For meg ser det ut til at Seljeprogrammet har ein positiv effekt på nokre og ingen effekt på andre. Det betyr at Seljeprogrammet kan vere eit aktuelt tiltak for nokre langtidsjukmelde, men ikkje alle. For fylkeskommunen og våre 1450 tilsette er dette viktig kunnskap å byggje vidare på i vårt IA-arbeid, seier Weinbach.

Nye vegar for å få meir kunnskap

Bakgrunnen for at fylkeskommunen sette i gang dette forskingsprosjektet, var at ein ville gå nye vegar for å få fram meir kunnskap om fysisk aktivitet, arbeidshelse og helsefremjande tiltak for å redusere sjukefråvær. Ingen hadde tidlegare forska på effekten av meistringsprogram av denne typen då prosjektet starta opp, og i så måte har det vore eit unikt forskingsprosjekt.

– For å kunne seie noko sikkert om nytteverdien av Seljeprogrammet og liknande tiltak, bør studien gjentakast i større skala og med fleire deltakarar, seier Weinbach.

Prosjektet har vore eit samarbeid mellom fylkeskommunen, NAV Sogn og Fjordane, Selje hotell, psykolog Thomas Bickhardt, Idrettssenteret AS og Uni helse. Fysioterapeut Birte Barsnes si master oppgåve Langtidssykemeldtes og lederes erfaring med sykefraværsarbeid i Sogn og Fjordane fylkeskommune er også ein del av prosjektet.

Barnsnes har nyleg publisert ein vitskapleg artikkel om studien i tidsskriftet Fysioterapeuten. Denne kan du lese her.

Her kan du lese heile forskingsrapporten:

For meir informasjon

Jan-Erik Weinbach
Rådgjevar, fylkesrådmannen sin stab
Telefon: 57 65 64 31
E-post: jan-erik.weinbach@sfj.no

 
 
 

Del dette:

Relaterte lenker