Jente med blått skaut og burgunderraud gensar syklar på "smoothiesykkelen" - ein sykkel som gjer at ein blender på baksetet lagar smoothies når ein syklar. Foto: Åge Avedal
Jente med blått skaut og burgunderraud gensar syklar på "smoothiesykkelen" - ein sykkel som gjer at ein blender på baksetet lagar smoothies når ein syklar. Foto: Åge Avedal

Under fjorårets Barnas Matfestival var smoothiesykkel ein slager. Foto: Åge Avedal

Berekraftig på matfestival

4H Sogn og Fjordane har fått 110 000 kroner frå Miljødirektoratet til Barnas Matfestival under lokalmatfestivalen Matamål. Dette banar vegen for eit unikt samarbeid med Sogndal vgs. og Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Berekraftig, kortreist og økologisk er stikkorda for årets Barnas Matfestival. I forkant av festivalen vil nemleg elevar ved vg1 restaurant- og matfag på Sogndal vidaregåande skule, møte elevar ved vg3-klassen på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland til økologisk workshop. Der skal dei planlegge festivalen og førebu eit matkurs for 4H-arar frå ti til tolv år. Saman med 4H-arane skal elevane bemanne Barnas Matfestival, og selje berekraftige smårettar og sunt snop.

– Det er viktig for elevane på restaurant- og matfag å få eit innblikk i økologisk mat og matproduksjon så tidleg som mogleg i utdanninga. Dette får dei også vidareført når dei lærer barn og unge å nytte kortreiste og berekraftige råvarer, seier Alfred Haukeland, lærar ved restaurant og matfag ved Sogndal vgs, og legg til:

– Eg trur det vert kjekt og lærerikt for elevane ved Sogndal vgs å vere med på dette opplegget.

Frå jord til bord

4H Sogn og Fjordane har, saman med Sogndal vgs, Sogn Jord- og Hagebruksskule og Sogn og Fjordane fylkeskommune, nyleg fått tilsegn om 110 000 kroner frå Den naturlege skulesekken til den økologiske workshopen og til gjennomføringa av Barnas Matfestival. Erfaringane vil bli formidla til andre skular og matfestivalar.

Hanna deGroot i 4H Sogn og Fjordane, er glad for samarbeidet med dei to skulane og fylkeskommunen.

– Vi startar på Sogn Jord og Hagebrukskule og endar i kokkeuniform på Matamål. Eg synest Sogndal vgs. viser at dei tek berekraftig landbruk på alvor når dei tek elevane heilt ut i åkeren og følgjer maten frå jord til bord, seier ho.

– Viktig å få i seg berekraftige råvarer

– Det er kjempeviktig at dei som skal lage og selje mat engasjerer seg i å få berekraftige råvarer på handlelistene. Det vert praktisk og det vert moro. Dette er læring verken elevane eller borna på festivalen gløymer så fort!

I 2014 vart Barnas Matfestival kåra til «årets stand» under Matamål. I år blir tilbodet utvida under lokalmatfestivalen på Sandane 26. september.

Kontaktinformasjon:

Hanna deGroot
Prosjektleiar i 4H Sogn og Fjordane
902 87 112

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00