Ber om folkehelsemilliard

Fylkesordførarar frå heile landet bad i dag helse- og omsorgsministar Bjarne Håkon Hansen om ein milliard kroner til førebyggande og helsefremjande arbeid i kommunane.

-Skal ein lykkast med å få vitalisert det lokale folkehelsearbeidet, må det eit økonomisk løft til. Fylkeskommunane er difor av den oppfatning at minimum ein prosent av den ramma som er avsett til helseføretaka, bør nyttast på folkehelsearbeid i kommunane, for tida ca. 1 milliard kroner. ”Folkehelsemilliarden må kanaliserast som friske midlar gjennom dei regionale folkehelsepartnarskapa. Dette er inga utgift, men ein investering!”, seier fylkesordførarane Ole Haabeth (Østfold) og Nils R. Sandal (Sogn og Fjordane) på vegne av fylkesordførarkollegiet. Sandvik er òg leiar av arbeidsutvalet i kollegiet.

- Samfunnsøkonomisk er det mykje å spare ved å jobbe for færre sjuke og færre skadde. Det er dyrt å vente til skaden oppstår, for så å nytte store summar på å reparere. Noreg bør ta mål av seg til å verta verdsleiande innan arbeidet med å skapa god helse og utjamne helseforskjellar, som òg samfunnsøkonomisk vil vera eit viktig konkurransefortrinn overfor andre land. Eit viktig grep handlar om eit godt førebyggande og helsefremjande arbeid som ikkje berre er forankra i helsetenesta, men som utøvast på alle nivå og i forhold til alle faktorar som påverkar helsa. Mykje av arbeidet må gjerast lokalt, men då må kommunane få ressursar dei ikkje har i dag. Difor går fylkesordførarane no ut og ber om pengar på vegne av kommunane, seier kollegiet.

Evalueringar av det førebyggande og helsefremjande arbeidet i fylka viser at det er i ferd med å få ein posisjon lokalt og regionalt, men at særs avgrensa økonomiske rammer svekker mulegheita for å oppnå meiningsfulle resultat. Evalueringa er føreteken på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har teikna partnarskapsavtalar om folkehelse med 20 av 26 kommunar som alle har tilsett folkehelsekoordinatorar og oppretta folkehelseutval og arbeidsgrupper på prioriterte tiltaksområde. Vi ser i praksis at det er stort kraft i folkehelsearbeidet lokalt når kommunane har eit målretta fokus slik partnarskapsorganiseringa legg opp til. Men kommunane treng både økonomiske og faglege ressursar til gjennomføre eit kunnskapsbasert sektorovergripande arbeid lokalt, seier fylkesordførar Nils R. Sandal

For kommentarar, kontakt: Nils R. Sandal eller Emma Bjørnsen

Del dette:

Relaterte lenker