527hu 8bltv
 527hu 8bltv

Illustrasjon: Brødrene Aa

Ber om åtte utsleppsfrie hurtigbåtar

Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å stille krav om nullutslepp på fire lokale ruter og fire ekspressruter frå 2024. – Vi har sett oss ambisiøse mål og kan halvere utsleppa i transportsektoren i Sogn og Fjordane med dette, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Dagens kontraktar på lokalbåt i Sogn og Fjordane og på hurtigbåt mellom Sogn og Fjordane og Bergen går ut i 2022. Fylkeskommunen skal difor ut med nytt anbod om rutetenester og har laga eit utkast til konkurransegrunnlag. Det er sendt ut på høyring for å sikre at det ein ber om, er realistisk. Høyringa er kunngjort blant anna i Doffin, på nettsida til fylkeskommunen og i media.

Offensiv grøn satsing

I utkastet stiller fylkeskommunen krav om nullutslepp på til saman åtte hurtigbåtar frå seinast 1. mai 2024. Dersom nokon startar med nullutslepp tidlegare, vil dei få ein CO2-bonus.

– Vi ønskjer å legge om til utsleppsfri teknolog på hurtigbåtane våre. Det vil også bygge opp under norsk industri og utvikle grøn skipsfart. Vi har lagt inn 100 mill. for å greie dette løftet, og no ventar vi at også regjeringa tek ansvar og kompenserer for auka kostnadar, seier fylkesordføraren.

Har hatt dialog med marknaden

Utkastet til konkurransegrunnlaget vart lagt ut på heimesida til fylkeskommunen 17. september og vart straks lagt merke til, blant anna på Twitter. Der applauderte fleire viktigheita av nullutsleppskrava.

I arbeidet med konkurransegrunnlaget har fylkeskommunen hatt dialog med ulike aktørar i marknaden for å tileigne seg kunnskap. Både marknadsdialogen og prosjekt vi har saman med Hordaland og Trøndelag tilseier at det er mogleg med nullutslepp frå hurtigbåt frå 2023.

Utfordrar næringa på gode løysingar

Sogn og Fjordane fylkeskommune legg seg ikkje opp i kva teknologi som blir brukt på dei utsleppsfrie båtane. Industrien har lagt fram konsept med blant anna ulike foil-løysingar og både batterielektrisk- og hydrogendrift. Fylkeskommunen utfordrar no både reiarlaga og båtbyggarnæringa til å utarbeide dei gode løysingane for nullutslepp.

Anbodet blir truleg sendt ut 20. november i år.

Les meir: Høyring lokal- og hurtigbåtanbod i Sogn og Fjordane

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no