Ballaktivitetar for barn på dagsorden på konferanse

Den årlege konferansen om fysisk aktivitet i barnehage og skule set i år søkjelyset på ballaktivitetar, balleikar og ballspel. Konferansen vert på Fosshaugane Campus i Sogndal 6. mai.

Konferansen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Arrangørane har som mål å ta opp aktuelle problemstillingar innan fysisk fostring (barnehage), kroppsøving (skule), fysisk aktivitet og folkehelse.

Dette gjer dei i år altså ved å spinne tema rundt ballaktivitetar/balleikar/ballspel. Innlegga vil vera både erfarings- og forskingsbaserte, der teori og praksis kjem til uttrykk i ei god blanding. Sentralt for konferansen vil vera å gje deltakarane ny innsikt og gode opplevingar med fysisk aktivitet og ball i sentrum.

Tema som blir tekne opp på konferansen:

  • Ball som middel for samhandling og leik.
  • Korleis bruke ball som medium/reiskap i skule og barnehage.
  • Korleis bruke ball for å skape aktivitetsglede.
    - Korleis fungerer barn med ball? Motoriske betraktningar.
    - Læring i ballspel, læring om ballspel og læring gjennom ballspel.
    Pedagogiske og didaktiske dimensjonar.
  • Ballspel som del av vår bevegelseskultur.
  • Ballspel og Fair Play.
  • Ballbingar i skule og nærmiljø.
  • Forskingspresentasjon om ballspel som problemløysing og samspel i dei nordiske landa.

Meir informasjon om og fullstendig program for konferansen.

Meld deg på konferansen her.

Fristen for påmelding er 2. mai, og det kostar 250 kr å delta på konferansen.

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar fysisk aktivitet, Sogn og Fjordane fylkeskommune
415 30 716
atle.skrede@sfj.no



 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00