Logoane til Fjord1 og Norled plasserte på kvit bakgrunn.
Logoane til Fjord1 og Norled plasserte på kvit bakgrunn.

Avsluttar fusjonsplanane

Norled AS og Fjord1 AS er samde om å avslutte drøftingane om å slå seg saman. Det melder dei to selskapa i ei felles pressemelding 15. juli 2015.

Norled og Fjord1 har i perioden frå 23. mars 2015 og fram til no arbeidd med å greie ut om det finst grunnlag for ein fusjon. Partane har heile tida vore einige om at samanslåing ville vere ei god industriell løysing.

Samtalane om ein mogleg fusjon er no avslutta utan at noko løysing blir lagd fram for eigarane.

Etter ei totalvurdering er partane einige om å avslutta drøftingane om eit felles selskap.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut