Auke i dei regionale utviklingsmidlane til Sogn og Fjordane fylkeskommune

Framlegget til statsbudsjett for 2014 inneber 106,06 millionar kr i regionale utviklingsmidlar til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette er ein auke på nesten ti millionar kroner frå årets budsjett.

Regjeringa legg til grunn at 18,64 millionar kr vert nytta til kommunale næringsfond, og at 10 millionar kr vert nytta til omstillingsarbeid i kommunane.

I 2013 har fylkeskommunen fått 96,54 millionar kr i regionale utviklingsmidlar (av det 18,5 millionar kr til kommunale næringsfond og 8 millionar kr til omstillingsarbeid i kommunane).

Dei nemne tala gjeld dei «vanlege» utviklingsmidlane (post 60), medan fordelinga av kompensasjonsmidlar for høg arbeidsgjevaravgift (post 61) først vert fordelt i første kvartal 2014.

Meir om framlegget til statsbudsjett for 2014.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut