"Auka fysisk aktivitet blant barn og unge - frå viten til praksis" - konferanse 11. og 12. mai 2010 i Sogndal

Som ledd i folkehelsearbeidet i fylket inviterer fylkeskommunen, Høgskulen v/idrettsseksjonen og Fylkesmannen til den årlege konferansen om fysisk aktivitet. Konferansen, som er den 7. i rekkja, held som tidlegare år eit høgt fagleg nivå. I fjor samla konferansen 240 deltakarar i Høgskulen sine lokaler på Campus.

Kunnskapen og forskinga om kor aktive barn og unge er og kvifor fysisk aktivitet er viktig, er etter kvart omrattande. Vi veit mindre om kva som faktisk aukar aktiviteten, og årets konferanse vil kaste lys over utfordringar og ulike samfunnsaktørar sin innsats på dette feltet. Nyare forsking kring form og aktivitetsnivå hos barn og unge i Noreg vert presentert.

Program

Påmelding innan 23. april 2010 på Fylkesmannen si nettside

Program for tidlegare konferansar

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette