Attraktive traineestillingar i fylkeskommunen

Av 107 søkjarar til traineestillingar i fylket, ønskjer 46 å jobbe i Sogn og Fjordane fylkeskommune. – Det tyder på at vi er ein attraktiv arbeidsplass, med godt omdømme og interessante arbeidsoppgåver. Dei traineeane vi har hatt til no har tilført oss mykje kompetanse, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Det er tredje året fylkeskommunen er med i traineeordninga til Framtidsfylket, og av dei 46 som no har søkt seg hit, får to arbeidsplassen sin i fylkeskommunen frå hausten av. Framtidsfylket har lyst ut traineestillingar for til saman 15 verksemder i fylket.

Rift om traineeane

– Det er kjekt for oss at nesten halvparten av traineesøkjarane ønskjer seg til fylkeskommunen, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Han meiner at traineeane som så langt har vore innom fylkeskommunen, har tilført organisasjonen mykje kompetanse. I tillegg til at fylkeskommunen er ein attraktiv arbeidsplass for traineeane, er desse også attraktiv arbeidskraft å knyte til seg.

– Det har vorte slik no at det er auka interesse i dei ulike avdelingane for å knyte til seg traineear. Traineeane vi har hatt, har vore med på det generasjonsskiftet vi no ser konturane av, der vi rekrutterer mange yngre og særs dyktige medarbeidarar, seier Øhlckers.

Gode resultat for traineeprogramma

Kompetansesenter for distriktsutviklinga har nyleg evaluert dei regionale traineeprogramma her i landet, og traineeordninga til Framtidsfylket er ein av desse. Det er no kome ein rapport som syner at ordningane har positiv effekt for dei som er høgt utdanna, for samarbeid mellom verksemder og for omdømet til regionane som er med.

– Det er særleg interessant at dei utan tilknyting til staden eller regionen meiner dei har hatt størst utbytte av trainee-programmet. Rapporten syner tydeleg at dei som lukkast best med å få traineeane til å bli buande, har blikket retta mot kompetanse og ikkje berre på heimflyttarane. Denne oppdaginga er verdt å ta med i ”flytte hit eller flytte heim”-debatten, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete til framtidsfylket.no.

Distriktssenteret inviterer torsdag 7. april til seminar på Fylkeshuset i Leikanger, der dette skal diskuterast. Tema for møtet er korleis ein kan møte rekrutteringsutfordringar i framtida.

Les om arbeidskvardagen til årets traineear i fylkeskommunen her.

Del dette:

Relaterte lenker