Astrid Nøklebye Heiberg erklærer Sogn og Fjordane som trygt fylke

Tidlegare stortingsrepresentant Astrid Nøklebye Heiberg står for den offisielle opninga når Verdas helseorganisasjon (WHO) erklærer Sogn og Fjordane som landets første trygge fylke 12. oktober.

Astrid Nøklebye Heiberg er psykiater, organisasjonskvinne og mangeårig, profilert politikar for Høgre. Fra 1993 til 1999 var ho president i Norges Røde Kors. I fire år var ho president i Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Røde Halvmåneforeninger. Sidan 2004 har Heiberg leia Den norske UNESCO-kommisjonen. Ho er også leiar i Statens seniorråd.

- Eg er veldig glad for at nettopp Astrid Nøklebye Heiberg står for den offisielle opninga, seier Emma Bjørnsen, som er Folkehelsekoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foredragshaldarar

Utnemninga skjer i samband med todagers-konferansen ”Trygge lokalsamfunn Sogn og Fjordane” på Alexandra hotell i Loen den 12. og 13. oktober. Konferansen er samlokalisert med fylkestinget, og tingrepresentantane skal delta på delar av konferansen og utnemningsseremonien.

Fokus for konferansen er å belyse ulykker som helseproblem og utfordringar på området, vilkår for lokalt arbeid, samt formidle faktaopplysningar og forskingsresultat rundt temaet trygge lokalsamfunn.

Professor Peter F. Hjort deltek på konferansen. Han har arbeidd mykje med helseopplysning og forebyggande arbeid og fekk i fjor Karl Evangs Pris for helseopplysning. Johan Lund fra Skadeforebyggende forum, Bent Olav Olsen fra Sosial- og helsedirektoratet og sekretariatsleiar for Trygge lokalsamfunn held også foredrag. Professor dr.med. Gunnar Tellnes ved Universitetet i Oslo skal også delta på konferansen.

I tillegg kjem dr. med Børge Ytterstad, som fekk Karl Evangs pris for helseopplysning i 1997. Han vart tildelt prisen for sitt langvarige arbeid med skadeforebygging i Harstad kommune, som var den fyrste norske kommunen som fekkgodkjenning som Safe Community i 1994.

Anerkjenning for langsiktig arbeid

Statusen ”Safe community” inngår i eit verdsomspennande nettverk. Sogn og Fjordane er første fylket i landet og tredje i Norden som oppnår status som eit trygt lokalsamfunn.

Statusen fylket har fått varer i ti år og inneber at fylket forpliktar seg til å vidareføre skade- og ulykkesførebyggande arbeid. Hittil har 13 kommunar i landet, mellom anna Høyanger og Årdal, blitt godkjende som trygge lokalsamfunn. Desse kommunane arbeider med ei rekkje tiltak som fremjar folkehelse, tryggleik og trivsel.

Som første fylke i landet utmerkar Sogn og Fjordane seg no med å få tilsvarande anerkjenning. Utnemninga kjem som resultat av eit langsiktig og målretta arbeid med førebygging av skader og ulukker, som har vore eit satsingsområde for fylkeskommunen sidan slutten av 80-talet.

Meir informasjon:

www.sfj.no, under menyknappen Folkehelse
www.tryggelokalsamfunn.no/

Kontaktperson:

Emma Bjørnsen. Folkehelsekoordinator, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Tlf 57825024, mobil 95819841, e-post: emma.bjornsen@sf-f.kommune.no
 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette