Arbeidsverkstadar om Regional plan for folkehelse 2014–2017

Fylkeskommunen inviterer til arbeidsverkstadar om Regional plan for folkehelse fire stadar i fylket. Arbeidet med sjølve planen tek til no i mai, og vi vil difor ha innspel frå heile fylket – frå organisasjonar, bedrifter og privatpersonar.

På verkstadane ynskjer vi å få fram kva dei einskilde aktørane kan bidra med i ein regional folkehelseplan. Det er også eit mål å få fram koplingar mellom tema og årsakssamanhengar bak, og å finne fram til oppgåver og tiltak som kan vere med å løyse utfordringar og behov.

Planprogrammet peiker ut seks tema som vi skal arbeide vidare med:

  • Integrere folkehelse i alle politikkområde
  • Forbetre og auke samordning og samhandling
  • Utvikle strategiar for korleis møte endra demografi
  • Styrkje toleranse og inkludering
  • Betre kunnskap og forståing om eiga helse
  • Eit samfunn som gjev hjelp når ein treng det

Fylkeskommunen inviterer til arbeidsverkstadar på desse dagane og stadane:

  • Måndag 5. mai kl. 09.00–15.00: Høyanger Hotell i Høyanger
  • Tysdag 6. mai kl. 09.00–15.00: Flora samfunnshus i Florø
  • Onsdag 7. mai kl. 09.00–15.00: Gloppen Hotell på Sandane
  • Tysdag 13. mai kl. 09.00–15.00: Quality Sogndal Hotel, Sogndal

Deltakarane får lunsj, pausemat og kaffi/te gratis. Målet med verkstadane er i utgangspunktet det same på alle stadane, og du kan difor velje den datoen og staden som passar best for deg.

Påmelding seinast tre dagar før møtet du skal delta på, til doris.lene.rutledal@sfj.no (tlf. 960 13 776).

Planprogrammet for Regional plan for folkehelse er ute på høyring, med høyringsfrist 20. mai.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette