Arbeidsplassar for funksjonshemma i fylkeskommunen

Fylkesrådet for funksjonshemma hadde på møte 15.12.09 saker som fylkesrådet ønskjer å setja søkelyset på i 2010. Blant anna var tilrettelegging av arbeidsplassar for funksjonshemma tema som skal prioriterast i 2010.

I sak 13/09 gjorde fylkesrådet vedtak om at rådet vil arbeide for innføring av kvoteordning om at funksjonshemma bør utgjere 5 % av arbeidsstokken i fylkeskommunen.

Fylkestinget vedtok Handlingsplan for likestilling, likeverd og mangfald i fylkestinget 9. juni 2009.

I planen står det at” Mangfald, likestilling og likeverd – grøn score i heile fylkeskommunen. Sogn og Fjordane fylkeskommune skal vere kjent for å arbeide aktivt for likestilling, likeverd og mangfald.

Vårt mål er at tilsette og innbyggarar i Sogn og Fjordane skal oppleve at vi prioriterar og verdset likestilling, likeverd og mangfald”

Det står også at omgrepet

  • Likestilling i ei utvida tyding, inkluderer heile det menneskelege mangfaldet.
  • Mangfald inkluderer nasjonalitet, kultur, etnisk bakgrunn, religiøs/politisk/humanistisk overtyding, utsjånad, alder, fysisk/psykisk funksjonshemming og seksualitet.
  • Likeverd er når alle får ei likeverdig handsaming, er like for lova og har like rettar, moglegheiter og plikter.
  • Universell utforming innebær at produkt og omgivnader har ei utforming som gjer at deikan brukast av alle menneske, utan trong for tilpassing eller spesialisert utforming.

Når det gjeld nye tiltak i fylkeskommunen står det:

”Mangfald – i profil og arbeid:
Vi skal ha ein inkluderande profil som formidlar at mangfald er ein ressurs for fylkeskommunen.

Profilen skal syne att i stillingsutlysningar, i informasjonsmateriell, på rekrutterings- og utdanningsmesser, på fylkeskommunen sine nettsider og i trykksaker som omtalar fylkeskommunen og fylkeskommunen sine einingar.”

Fylkesrådet er glad for at ved inntak av traineear skal fylkeskommunen prioritere kandidatar med nedsett funksjonsevne eller med innvandrarbakgrunn. Men for at fylkeskommunen skal kunne ha høve til å prioritere menneske med nedsett funksjonsevne, må dette gjerast kjent ved utlysning av inntak av traineear , men også ved utlysing av stillingar som passar for den einskilde sin utdanning.

Fylkesrådet for funksjonshemma oppmodar likestillingsutvalet om at teori om inkludering også må gjerast i praksis.

Fylkesrådet ber om at i utlysningsteksten på nye stillingar i fylkeskommunen, vert teke med følgjande setning:

”Fylkeskommunen oppmodar menneske med nedsett funksjonsevne om å søka på stillinga”.

Del dette:

Relaterte lenker