Arbeidet med økonomiplan 2017-19 er i gang

28. januar starta finansutvalet arbeidet med økonomiplanen for 2017-19. Økonomiplanen må ta omsyn til dei store reduksjonane i fylkeskommunen sine inntekter som vart varsla i 2014 og syne korleis fylkeskommunen skal nå innsparingskravet i 2019.

Finansutvalet vedtok onsdag korleis arbeidet med omstillinga skal gripast an. Heile fylkeskommunen si verksemd må vurderast for å få fram moglege innsparingar og konsekvensar av eventuelle endringar. Innbyggjarane sitt beste vil bli eit sterkt fokus i arbeidet. Prosessane og utgreiingane utover våren skal gje grunnlag for at fylkestinget 16. juni i år skal kunne gjere eit retningsgjevande vedtak om økonomiplanen.

Inntektsføresetnadane for Sogn og Fjordane fylkeskommune vart endra i 2014 gjennom eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Reduksjonen er på 224,5 mill. kr. over ein periode på fem år - fram mot 2019. I dette talet er verknaden av ny tapskompensasjon innarbeidd.

Fylkeskommunen har arbeidd systematisk opp mot styresmaktene for å få endra dei nye inntektsrammene, og vil prøve å vidareføre dette arbeidet. Fylkeskommunen opplever også svikt i skatteinntektene og i lokale inntekter som er knytt til konsesjonskrafta og aksjeutbytte.

Kontaktperson:

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar,
Sogn og Fjordane fylkeskommune
E-post: ashild.kjelsnes@sfj.no
Tlf: 918 88 568

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut